– Unge Høgre meinar at universitet og høgskular i større grad bør få bestemme korleis dei vil ta inn elever, anten det er gjennom karakterar, gjennom intervju og motivasjonsbrev, eller ei blanding, skriv Elias Eide i dette meiningsinnlegget.
– Unge Høgre meinar at universitet og høgskular i større grad bør få bestemme korleis dei vil ta inn elever, anten det er gjennom karakterar, gjennom intervju og motivasjonsbrev, eller ei blanding, skriv Elias Eide i dette meiningsinnlegget. (Foto: Privat)

MEININGAR

Inntaket til høgare utdanning må bli meir rettferdig!

Ungdomspolitikar Elias Eide (H) meiner erfaring og motivasjon burde vere ein viktig del av inntaket til høgare utdanning.

Meiningar: Om ein knapp månad skal fleire tusen unge menneske velje kva dei vil studere. Det einaste som teller er karakterane dei har fått. Om dei har hatt ein jobb, vore med i eit ungdomslag eller vore gode i fotball spelar ingen rolle. Det burde vi gjere noko med.

Vil ha meir fokus på relevant erfaring

Mange elevar sit med god og relevant erfaring for studiet dei drøymer om å starte på. Nokre har kanskje vore trenar for eit barnelag og drøymer om å bli gymlærar, andre har jobba på ein sjukeheim og har lyst til å bli sjukepleiar.

Det er erfaringar som burde telle med.

Elias Eide

Karakterar er viktig, men dei seier ikkje alt. Du kan ha en dårlig dag på eksamen, men fortsatt ha erfaring og motivasjon. Det er både synd for lærestadane og studentane at det einaste som blir sett er karakterane.

Du blir ikkje nødvendigvis ein betre lege av å ha skyhøgt karaktersnitt. Du må ha dei riktige personlege eigenskapane i tillegg. Vidare tener lærestadane ikkje på å ha studentar som berre har valt eit studium fordi dei ikkje visste kva dei ville.

Det burde både universiteta, høgskulane og politikarane sjå.

Unge Høgre meiner at universitet og høgskular i større grad bør få avgjera korleis dei vil ta inn elever, anten det er gjennom karakterar, gjennom intervju og motivasjonsbrev, eller ei blanding. Dersom to personar har same karaktersnitt, bør det avgjerande vere motivasjon, eller relevant erfaring.

Det må vere lov å ha eit liv ved sidan av vidaregåande, og det bør berre telle positivt.

Til toppen