FLESTEPARTEN FÅR FYRSTEVALET: Dei fleste i Sogn og Fjordane kjem inn på fyrstevalet sitt på vidaregåande skule.
FLESTEPARTEN FÅR FYRSTEVALET: Dei fleste i Sogn og Fjordane kjem inn på fyrstevalet sitt på vidaregåande skule. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Inntaket til vidaregåande er klart - dei fleste kjem inn på fyrstevalet

Endå ein gong kan fylket tilby unge det opplæringstilbodet dei har som fyrsteprioritet.

Sogn: 3.498 søkjarar til vidaregåande opplæring får no tilbod om skuleplass på det programområde dei hadde som fyrsteval. Dette er 88 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett. Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Også i år kan vi tilby fleirtalet av dei unge det opplæringstilbodet dei har som fyrsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

41 søkjarar får andre tilbod

Til saman har 4339 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2018-2019. Av desse har 4038 ungdomsrett.

41 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i vårt fylke.

300 ledige plassar

Etter første inntaket er det om lag 160 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntaket eller etter at skulane tek over inntaket frå 13.august. 

På Årdal vidaregåande skule er det 223 plassar og 190 som har fått plass, medan på Sogndal vidaregåande skule er det 790 plassar og 735 som har fått plass. Alle skulane i fylket har liknande oppslutning og det er dermed om lag 300 ledige skuleplassar i fylket. 

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 13. august. 

Vidare tidsplan for inntak: 

  • 3. juli: melding blir sendt til alle søkjarane - fyrste inntak
  • 12. juli: svarfrist på fyrste inntak
  • 27. juli: melding om andre inntak
  • 3. august: svarfrist på andre inntak
  • 13. august: skulane tek over inntaket
  • 20. august: skulestart
  • Les òg: Har fått fast jobb etter to mislukka forsøk på fagprøven.
Til toppen