VGS: Dei fleste kjem inn på fyrstevalet sitt.
VGS: Dei fleste kjem inn på fyrstevalet sitt. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Inntaket til vidaregåande er klart

Dei fleste får fyrstevalet sitt, det kjem fram i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Sogn: 3614 søkjarar til vidaregåande opplæring har no fått tilbod om skuleplass på det programområdet dei hadde som fyrsteval.

Det er 89 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett.

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Andre inntak 26. juli

Til saman 4469 har søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2019–2020. Av desse har 4051 ungdomsrett.

44 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i vårt fylke.

360 ledige skuleplassar

Etter fyrste inntaket er det om lag 190 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntak, eller etter at skulane tek over inntaket frå 12. august.

Det er om lag 360 ledige skuleplassar i fylket.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 12. august.

Tidsplan

Vidare tidsplan for inntaket til vidaregåande skule:

  • 4. juli, melding blir sendt til alle søkjarane 
  • 11. juli, svarfrist fyrste inntak
  • 26. juli, melding om andre inntak
  • 2. august, svarfrist andre inntak
  • 12. august, skulane tek over inntaket
  • 19. august, skulestart

Tabellane for inntaket vert oppdaterte etter 26. juli.

Til toppen