ELDSJELER: Laila Hæreid frå Nedre Årdal Kyrkjering og Aud Øren frå Årdal i Sogn Røde Kors. Foto: Kaja Nygård
ELDSJELER: Laila Hæreid frå Nedre Årdal Kyrkjering og Aud Øren frå Årdal i Sogn Røde Kors. Foto: Kaja Nygård

Inntektene går til gode formål

Mange var innom julemessa på Årdalstangen. 

Årdal: Lørdag førmiddag var det julemesse på Årdalstangen. Det er lang tradisjon å stelle istand julemesse i slutten av November. 

 - Me ynskjer å ha julemessa i slutten av November, seier Laila Hæreid frå Nedre Årdal Kyrkjering.

- I Desember er det mykje som skjer både på skulen og i barnehage, så derfor har me valt å ha messa i november. Me ynskjer at det skal vere ein førjulskosedag, fortel ho vidare. 

Det er over 40 år sidan speidaren skipa istand den første julemessa på Årdalstangen. 1977 vart Nedre Årdal Kyrkjering med på laget. No er det Nedre Årdal Kyrkjering og Årdal i Sogn Røde Kors som samarbeidar om julemessa. Røde Kors har også lang erfaring då dei vart med for over 20 år sidan. 

ELDSJELER

Dei byrjar planlegginga til julemessa allereie i Januar. Då set dei i gang med ulike prosjekt som skal seljast på messa. 

- Eldsjeler er viktig, seier Aud Øren frå Røde Kors.

I begge laga er det mange som ivrar for arbeidet og stiller opp på den årlege Julemessa. Inntektene frå julemessa kjem bygda tilgode.

- Me samlar inn pengar til Kyrkjelydshuset, seier Hæreid. 

- Vårt neste mål er å få heis, fortel ho ivrig. Slik det er i dag så er det vanskeleg for rullestolbrukarar og dei med barnevogn å komme inn. 

- Me kjøper blomster for å pynte opp hjå Åbo og Sjukeheimane på Tangen og Seimsdalen, fortel Øren. Me lagar istand kveldar der me leiger inn musikantar, og me kjøper blomster til dei eldre som fyller runde tal, fortel ho vidare. 

Ho legg til at i fjor gjekk litt av inntekta til sangbøker med stor skrift.  

Røde kors har lang erfaring med å vere besøksvenn. Som besøksvenn reiser dei heim til folk som treng ekstra selskap. Målet er å bidra til at fleire kjem seg ut og ikkje berre vert sittande heime. 

  • Les også: http://www.porten.no/artikler/nyhende/ardal-sogn-rode-kors-meir-enn-berre-julemesser 

HEIMELAGA

Det var mykje fint å få kjøpt på årets julemesse og alt var heimelaga. Det var mykje heimestrikka vottar og sokkar. Julenissar i ulike fasongar og anna julepynt. Her kunne ein starta julehandelen, eller rett og slett kjøpe ei heimelaga gåve til seg sjølv. 

Artikkelen held fram under biletet. 

HEIMESTRIKKA: Sokkar for liten og for stor.
HEIMESTRIKKA: Sokkar for liten og for stor.
JULEPYNT: På julemessa var det mykje ein kunne kjøpe.
JULEPYNT: På julemessa var det mykje ein kunne kjøpe.

FØRJULSKOS

Øren fortel at itillegg til sal av heimelaga ting har dei lotteri. 

-Me har fått inn fine gevinstar frå handelstanden, så me ynskjer å sende ein stor takk til dei, seier ho. 

Det var også kafesal, og underhalding av sangelevane til Elizabeth S. Søvik og ballettframvisning med barna som Leyeune Avdal underviser. 

Alt var lagt tilrette for ein fin førjulsdag. 

Til toppen