VEKST: – Veksten i kommuneøkonomien har vore klart høgare med Høgre og borgarleg styre enn den var under åtte år med raudgrønt styre, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Foto: Jan Christian Jerving.
VEKST: – Veksten i kommuneøkonomien har vore klart høgare med Høgre og borgarleg styre enn den var under åtte år med raudgrønt styre, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Foto: Jan Christian Jerving.

Inntil 5,3 milliardar meir til kommunane i 2018

Regjeringa legg opp til ein reell vekst i kommuneinntektene på mel

Indre Sogn: Det kjem fram i kommuneproposisjonen for neste år, som vart lagt fram samtidig med revidert nasjonalbudsjett torsdag.

– Vi sikrar kommunane ein god og føreseieleg økonomisk vekst også i 2018. Gjennom heile denne stortingsperioden har kommunane fått auka rammer, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

– Veksten i kommuneøkonomien har vore klart høgare med Høgre og borgarleg styre enn den var under åtte år med raudgrønt styre.

Kva regjeringa til slutt landar på, blir først klart når statsbudsjettet for 2018 blir lagt fram i oktober.

Rus, skule og helse

Det blir lagt opp til at veksten i dei såkalla frie inntektene, pengar som ikkje er øyremerkte, skal bli på mellom 3,8 og 4,3 milliardar kroner neste år.

Men det blir lagt klare føringar på ein god pott av desse pengane: Regjeringa har lagt inn 300 millionar for å styrke rusomsorga, 200 millionar til tidleg innsats i barnehage og skule og ein tilsvarande sum til førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar.

Sanner seier regjeringa ønskjer minst mogleg øyremerking, men legg til at det er eit klart mål at kommunane skal prioritere desse områda over tid.

– Noko anna ville vore veldig uklokt. Dersom kommunane ser bort frå føringane, risikerer ein at staten tar sterkare føringsgrep seinare, konstaterer statsråden.

– Færre fattige kommunar

Sanner meiner regjeringa har skapt ein sunn kommuneøkonomi dei siste åra. Han viser til at stadig færre kommunar er å finne på den såkalla Robek-lista. Kommunane på denne lista blir sett under ei form for statleg administrasjon.

– Talet på kommunar på Robek-listen vil no til sommaren bli det lågaste nokosinne. Det har lege på omkring 50 kommunar, men frå sommaren vil rundt 30 kommunar stå på lista, seier statsråden.

Av proposisjonen går det også fram at fylkeskommunane får 300 millionar av veksten i frie inntekter. Regjeringa foreslår at 100 millionar skal gå til ei særskilt fordeling til ferjefylka.

Sanner forventar også at kommunane fornyar seg og effektiviserer drifta, men peikar på at det ikkje er stilt krav om dette.

Dersom kommunane effektiviserer 0,5 prosent i 2018, vil det utgjere 1,2 milliardar kroner, ifølgje departementet.

KS: – Kommuneforslaget peiker i rett retning

KS meiner regjeringas kommuneproposisjon går rett veg, men åtvarar om eit sterkt utgiftspress for kommunane og fylkeskommunane til neste år. 

Regjeringa varslar i kommuneproposisjonen for neste år at dei såkalla frie inntektene til kommunane, inntekter som ikkje allereie er disponerte frå staten, vil auke mellom 3,8 og 4,3 milliardar kroner.

Av desse pengane er cirka 2,2 milliardar kroner grunngjeve i utgiftsauke som kjem av endringar i befolkningssamansetninga, og 350 millionar kroner i auka forventa pensjonskostnader. Når dette er kompensert, er den attståande veksten på mellom 1,25 og 1,75 milliardar kroner neste år. Av dette går 0,3 milliardar til fylkeskommunane.

– Eit sterkt utgiftspress i kommunar og fylkeskommunar gjer at den økonomiske kvardagen nok vil vere krevjande både neste år og i åra som kjem. Men kommuneproposisjonen peikar i rett retning, seier KS-leiar Gunn Marit Helgesen (H) i ein kommentar.

 

(©NPK)

Til toppen