INNVANDRING: Ingen andre fylke i landet har så stor innvandring frå utlandet som Sogn og Fjordane, sett i høve til folketalet.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.
INNVANDRING: Ingen andre fylke i landet har så stor innvandring frå utlandet som Sogn og Fjordane, sett i høve til folketalet.​ Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Stovik)

Innvandrarar får fart på folketalet i Sogn og Fjordane

Ingen andre fylke i landet har så stor innvandring frå utlandet som Sogn og Fjordane, sett i høve til folketalet.

  • Endret

Sogn og Fjordane: I tredje kvartal i år fekk fylket heile 669 nye innbyggjarar.

– Alle desse var utanlandske personar, opplyser informasjonsrådgjevar Mathias Helgheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune til Nynorsk pressekontor.

Innvandringa frå utlandet er ikkje spesielt for Sogn og Fjordane. Alle fylke i landet hadde ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) flytteoverskot frå utlandet i same periode, men nettoinnvandringa var størst i Sogn og Fjordane med vel 500 personar.

Veksten i folketalet gjer at Sogn og Fjordane for første gong har passert 110.000 personar.

Den innanlandske tilflyttinga er derimot negativ. I tredje kvartal flytta 1.015 personar frå Sogn og Fjordane til andre stader i landet, medan 901 personar flytta til fylket frå andre plassar i Noreg.

Også fødselsoverskotet går ned. I tredje kvartal i år var det på 61 personar mot 119 på same tid i fjor.

Til saman bur det no 110.362 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. (©NPK)

Til toppen