– Innvandrarar i nynorskområde må få lære nynorsk

– Innvandrarar i nynorskområde må få lære nynorsk

 – Den språkopplæringa innvandrarar har krav på, må vere på det skriftspråket som vert brukt lokalt – innvandrarar må få lov til å integrere seg òg i nynorskkommunar, seier Kristofer Olai Ravn Stavseng, nestleiar i Norsk Målungdom.

Landsmøtet i Norsk Målungdom meiner vaksne innvandrar i nynorskkommunar må få lære nynorsk og ser fleire problem ved at innvandrarar ikkje får lære språket som vert nytta der dei bur, skriv dei i ei pressemelding.

Gir meir innsikt

–Vaksenopplæring berre i og på bokmål i nynorskkommunar går utover høvet innvandrarar har til å vere deltakarar i arbeidslivet og den frivillige arenaen lokalt. I ytste konsekvens vil det verte eit integreringsproblem at vaksne menneske ikkje kan forstå lokale nyhende og informasjon frå heimkommunen sin, seier Stavseng.

Nestleiaren trekker fram at det òg kan oppstå problem på heimebane.

– Innvandrarborn i nynorskkommunar lærer nynorsk. Om foreldra berre lærer bokmål på vaksenopplæringa, vil dei få problem med å hjelpe borna sine med skulearbeid, forklarer han.

Stor skilnad på språkopplæring

Det er stor skilnad mellom kommunane når det kjem til språkopplæring for vaksne innvandrarar.

– Kommunar som Kvam og Ulvik er flinke og gir opplæring på nynorsk. Så har vi kommunar som Voss, som elles er kjende som nynorskbastion, men som gir opplæring på bokmål. Fleire av elevane seier dei slit med å forstå både lokal dialekt og å skjøna skriftleg tilfang frå kommunen og i lokalavisa, seier han.

–Viktig tilsko for integreringa

Mellom 2003 og 2006 var Voss ein del av eit pilotprosjekt med nynorskopplæring for innvandrar.

– Den gongen stod det dårlegare til med nynorsktilfanget, og derfor gjekk kommunen over til bokmål etter at prosjektet var ferdig. I dag finst det godt materiell for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar, og 27 nynorskkommunar vel i dag å gi innvandrarane sine nynorskopplæring. Landsmøtet i Norsk Målungdom oppmodar alle nynorskkommunar som gir opplæring på bokmål til å følgje etter. Det vil vere eit viktig tilskot for nynorsken, kommunen og integreringa, seier Stavseng.

Til toppen