STEMMEURNE (Arkiv)

Innvandring var den viktigaste saka for veljarane ved stortingsvalet i år

Innvandring var viktig for heile 28 prosent av veljarane ved stortingsvalet i haust då dei stemde. Det er meir enn ei dobling frå valet for fire år sidan.

NPK-NTB: Ifølgje veljarundersøkinga frå  Statistisk sentralbyrå (SSB) og Institutt for samfunnsforskning var innvandring mest dominerande for veljarane til Framstegspartiet. 70 prosent av Frp-veljarane opplyste at dei tenkte på innvandring då dei stemde. Saka var òg viktig for veljarane frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Høgre og Sosialistisk Venstreparti (SV).

I 2013 sa 12 prosent av alle veljarane at dei hadde innvandring i tankane då dei røysta, og tilbake i 2001 opplyste berre 4 prosent det same.

I undersøkinga i år blei veljarane også spurde om kva parti dei meinte hadde best politikk på ulike saksområde. Framstegspartiet blei valt ut som best på innvandringspolitikken, mens Høgre har særleg mykje tillit i skule-, helse- og skattepolitikk.

Miljøpartiet Dei Grøne har berre tillit på eitt saksområde hos eigne veljarar, nemleg klima- og miljøpolitikk. Nesten alle veljarane til Senterpartiet meinte partiet hadde best distriktspolitikk.

Arbeidarpartiet tapte sakseigarskap på område som helse-, skatte- og sysselsetjingspolitikk. 30 prosent meinte Ap har best sysselsetjingspolitikk, ein drastisk nedgang sidan 2009 då 60 prosent sa at Ap var best.

Samtidig misser Venstre tillit blant veljarane til miljøsaka frå 2013 til 2017, og Kristeleg Folkeparti misser sakseigarskap i barne- og familiepolitikken.

Til toppen