Luster: Margit og Kjell Feigum, med dottera Anne Merethe Kvalsøren, hadde skipa til opningssamkome med kaffi og bakelse for lustringar frå begge sider av fjorden.
Eit syttitals menneskje med ordførar Ivar Kvalen i spissen såg innom Feigum, eller «Feiga» som det heiter lokalt, denne nokså regnfulle laurdagen.Høgt, rett over, frå toppen av fjellet over Feigum, kasta Feigum-fossen seg utover dei ville floga og skapte ei dramatisk kulisse til innviinga i Feigum denne dagen.

Kjell Feigum var omvisningsvert, og saman med dottera, Anne Merethe Kvalsøren, vart dei frammøtte med på omvisning til smia, kvernhuset og saga og ikkje minst den nye bryggja som no står nett slik ho var og har vore i dei siste 100 åra.
Ordførar Kvalen minna på om at Feigum representerte det fyrste næringsanleggget i Luster, med dokumentert verksemd heilt frå 1597. Han minna óg om at i den tida då alt gjerne skulle transporterast sjøvegen, spelte desse bygdenen på sørsida av Lusterfjorden ei stor rolle.

Det fanst sag- og kvernbruk både i Kroken, Kinsedal, Urnes og Mordøla og Feigum. I Feigum var det også smed og smie. Sagbruket har vore restauret mange gonger. Mellom anna kom det vassdreven sagturbin rundt 1905. Mølla vart bygd kring 1828 og var rekna for å vera svært moderne, med metallisk kvernmaskineri. Ho har vore restaurert fleire gonger. Siste gongen vart det montert to stålkverner som mól mykje betre, raskare og med høgare kvalitet på mjølet. Mølla var ikkje i drift etter 1950.
Anne Merethe Kvalen takka varmt både for blomane frå ordførar Kvalen og til dei mange lustringane som trass været kom og sette ei hyggeleg råme over åpninga av Feiga Bryggje.