Årdal: – Eg ynskjer å starta bryggjeriet for å fylgja tradisjonar. I gamle dagar bryggja dei øl i eldhuset på gardane. Der vart det laga mat, og det vart slakta og bryggja. So kom folk saman på uformelt vis. Det var godt samvær rundt brygginga, seier Erling Eggum ved Klingenberg hotell på Årdalstangen.

No vonar hotellsjefen at noko av denne hyggjelege stemninga skal verta attskapt på Klingenberg hotell.
Før vinteren har rasa or årdalsfjella skal han få i gang eit småbryggjeri i Eldhuset, som er i kjellaren til Klingenberg hotell.
– Me vil skapa ein triveleg plass å vera saman på, både for bygdefolk og tilreisande.
Han ynskjer at bryggeriet skal vera lite.
– Ølet skal serverast innanfor veggene til hotellet. Det skal vera for dei besøkjande her hjå oss.
Førre tysdag vart det formelt vedteke på formannskapsmøtet i Årdal at Klingenberg hotell får lov til å bryggja øl og selja det over disk i Eldhuset i kjellaren til hotellet.
På sikt håpar Eggum på å få løyve til å servera ølet på heile hotellet, men altso ikkje utover det.
Tenkjer mikrobryggeriet i Eldhuset vert eit fint turisttiltak
Eggum ser føre seg å fortelja ei lita årdalssoge nede i Eldstova.

– Me kan lata folk få smaka på produkta og fortelja nokre historier om Årdal. Til dømes kan me fortelja om industrihistoria her, og om tradisjonane med tindeklatring.
Alt på 1800-talet fann turistar fram til Årdal, både frå utlandet og frå Noreg. Blant dei som søkte seg til bygda for å oppleva årdalsnaturen, finn me både Fridtjov Nansen og Edvard Grieg.
Ein annan dei kan fortelja om, er William Cecil Slingsby. I 1876 vart denne berømte fjellklatraren, saman med klatrelaget sitt, den fyrste til å stiga til topps på Store Skagastølstind i Hurrungane. Dette er heilt på grensa mellom Luster og Årdal.
Samarbeid med lokale matprodusentar og ASVO
Ved sida av Erling Eggum og hans medspelar Anton Kjærvik, står også Torunn Todal Laberg i bresjen for å fylla Eldhuset med innhald og opplevingar. Ho er marknadssjefen i konsernet til Eggum.
Ho vil få inn eksterne føredragshaldarar og skipa til ulike temakveldar, der matformidling òg skal stå i høgsetet. Ho ser for seg eit samarbeid med Tya bryggeri. Det skal verta ølsmakingskveldar, der dei tilreisande òg får smaka lokal mat frå Sogn.

– Tya har ølsortar som passar godt både til lokalproduserte pylser, geitost og sjokolade. Me ynskjer å presentera ein heil smaksmeny av høveleg mat til ølsmakingskveldane.
Ølplankane som dei fire øltypane kjem til å stå på, skal verta produserte på ASVO på Årdalstangen.
– Me kjem til å involvera lokale aktørar i so stor mon me klarar.
Laberg: – Dette med vertskap vert viktigare og viktigare
Laberg kjem sjølv til å vera ein av historieforteljarane i eldstova. Og mange av dei som jobbar på hotellet skal få opplæring i Årdals-historia. Slik kan det gå på omgang kven som fortel turistane om industrihistorie, om fjellklatring, mat, drikke og anna som er av interesse.

– Me vil leggja særleg vekt på hotellet si historie, og på reiselivshistoria og alle tindeklatrarane som har kome til Årdal, seier Laberg.
At medarbeidarane lærer seg historia, gjer dei òg til eit betre vertskap meir generelt, trur Laberg, sidan turistar og tilreisande ofte er nyfikne.
– Eigentleg er alle i bygda vertskap. Om ein jobbar på Coop, på ein klesbutikk eller på ein kafe, so er du ein del av vertskapet i bygda. Då er det bra å ha eit minimum av kunnskap i botn, so har du svar å gje når tilreisande undrar på ting.