ARENA: Valat Ali (t.v.), Bairu Milkias Bereketab, Hayder Mulugeta Yebio tykkjer fotball er ein fin arena for integrering. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
ARENA: Valat Ali (t.v.), Bairu Milkias Bereketab, Hayder Mulugeta Yebio tykkjer fotball er ein fin arena for integrering. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Integrering via fotballen

Sidan fotballspråket generelt sett er likt uansett kvar ein kjem i frå, er aktiviteten på Jotun stadion gull verdt for fotballinteresserte asylsøkjarar.

ENKELT: Marcin Brzykcy meiner at fotball gjer integrering enklare. Verken religion eller språk er til hinder for sporten. Arkiv
ENKELT: Marcin Brzykcy meiner at fotball gjer integrering enklare. Verken religion eller språk er til hinder for sporten. Arkiv

Med Årdal FK-spelaren Marcin Brzykcy som sentral person i fotballtilbodet til Årdal Mottakssenter, er inngangen til å spele på dei lokale laga lett tilgjengeleg for asylsøkjarar som ynskjer noko meir med fotball.

– Fotballen i Årdal treng spelarar, og då kan ein hente spelarar frå mottaket om det trengs, seier Brzykcy. 

Mottaket har treningar ein gong i veka, og Porten.no har tatt ein prat med tre gutar som har kome seg inn på dei lokale laga i bygda.

Felles språk

Valat Ali og Bairu Milkias Bereketab spelar begge i 5. divisjonslaget Jotun/ÅTIL/Årdal II. Dei er einige med kvarandre i at fotballen har gjeve dei fleire vener i miljøet, og dei set pris på å ha noko å halde på med når det ikkje er skule eller andre opplegg i regi av mottaket. 

– I fotball treng ein ikkje snakke samme språk for å vera med, seier Valat Ali. 

Han hadde forventa at det var eit fotballtilbod i kommunen då han kom hit, men ikkje at han skulle enda opp med å spele i 5. divisjon. Dei har begge spelt fotball før dei kom til bygda, og Valat Ali fortel om nokre forskjellar.

– Det er eit mykje tøffare spel i norsk fotball. Eg vil samanlikna det med den engelske fotballen. Her må ein vera i god form og tåla litt meir enn kva eg er vandt med, smilar han. 

Keeper-utfordringar

Bairu Milkias Bereketab er keeper på Jotun/ÅTIL/Årdal II, og fortel at han trøblar litt med språket. 

– Ein keeper må snakka meir til spelarane, seier han. 

Sidan han ikkje kan norsk enno, gjev det litt utfordringar på bana. Til trass for dette, trivs han særs godt med keeperrolla på laget. Det var han som introduserte Valat Ali for fotballmiljøet i Årdal, og dei seier begge to at dei hadde kjeda seg om det ikkje var for fotballen. 

Slepp å tenke

Hayder Mulugeta Yebio spelar i 3. divisjon for Årdal FK, men er for tida ute med skade i eit kne. Som dei to andre, set han stor pris på inkluderinga i den lokale fotballen. 

Han kom seg inn på Årdal FK via Marcin Brzykcy og trenar for 3. divisjonslaget Ivan Øy, og hadde sin fyrste kamp førre sommar. 

– Her har eg gode vener på laget, og gode trenarar. 

Felles for dei tre fotballspelarane er at dei slepp å tenke når dei er på bana. Sakn, rastlausheit og uvisse må vike for fotballen, og asylsøkjarane får ein pause medan ballen er einaste fokus.

LES OGSÅ: Kan avgjera lagnaden mot kjende fjes

Til toppen