Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Intens kamp på heimebane

På laurdag tok Årdal imot Stryn på Jotun krøllgras for andre gong i år.

Årdal - Stryn 1-1

Det fyrste gule kortet kom 18 minutt ut i kampen og det var eit jamnt laup gjennom heile fyrste omgang. 

Etter 43 spelte minuttar scora Truls Hovland og sendte Årdal FK i leiinga med 1-0.

Artikkelen held fram under biletet.

Truls Hovland sendte Årdal i leiinga i slutten av fyrste omgang
Truls Hovland sendte Årdal i leiinga på slutten av fyrste omgang.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ti minuttar før andre omgang var ferdig fekk Stryn utligna til 1-1. Etter kampen vart det diskutert om det var sjølvmål frå heimelaget. – Det vert snakka om at Marcin (Brzykcy, journ. anm) var sist borti ballen, men uansett så vart han pressa av spissen (Mads Wie, journ. anm), seier Ivan Øy til porten.no etter kampen.

Kampklare

Andre omgang var prega av ei intens stemning på bana og i ein periode halvveges i omgangen kom målsjangsane tett frå begge lag. – Det var høg innsats frå karane, men på slutten gjekk lufta ut av spelarane på begge lag, fortel Øy. 

– Vi klarte å halde fokus denne gongen, fortel han og syner til resultatet frå sist kamp då Mads Wie frå Stryn scora fire mål mot Årdal. 

Trenaren seier seg fornøgd med eitt poeng etter dagens kamp.

 

 

 

 

Til toppen