Bedrifta ELDE Cosmetics har utvikla seg i løpet av åra. Vemund Eldegard starta produksjonen på kjøkkenbenken, utan farlege kjemikalar og med naturlege råvarer. I 2015 flytta bedrifta inn i produksjonslokale i Førde og i år ekspanderer verksemda endå meir for å tole det aukande salet.
- Les også: Eldegard vart til hudpleieserien ELDE

Godt mottatt
Hudpleieserien ELDE har i år nye varer på plass og desse kan kjøpast i fleire internasjonale marknadar.
Blant anna har bedrifta vekt stor interesse hjå Sverige, USA, Storbritannia, Australia og Canada. I Noreg blei bedrifta raskt etablert med eigen nettbutikk. I
Sogn kan produkta kjøpast på frisørstova i Årdal, men det er venta at produktet skal dukke opp fleire stader.
- Eg synest det er svært kjekt at ELDE har blitt så godt mottatt. Mitt mål har alltid vore å tilby så mange som mulig eit sunnare og tryggare alternativ på kosmetikkmarkedet, og det gjer vi i storgrad no. Utan støtte frå kundar i Sogn og Fjordane, hadde vi aldri vore her i dag, fortel gründer Vemund Eldegard.
Bedrifta har no sju tilsette for å dekkje fleire fylker og den internasjonale interessa.
Eldegard har fått gode tilbakemeldingar frå kundar. I år har ELDE fått nytt design og nye produkt.
- Kundane våre har høge krav for kvalitet og effekt. Eg er utruleg stolt over den nye kolleksjonen som vi lanserte denne veka. Den er forma av alle tilbakemeldingar vi fekk i fjor.
Støttespelarar
Heilt sidan starten har Innovasjon Noreg, Sunnfjord Næringsutvikling og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane vore gode støttespelarar. Dette gjer at Elde Cosmetics kan vekse raskt.
- Vi i Kunnskapsparken har tru på Vemund som gründer. Han er ung, men har nokon av dei viktigaste eigenskapane ein gründer må ha for å lukkast. Vi gler oss til å følgje Vemund og ELDE Cosmetics vidare, seier Hilde Grinde.
- 2016 blir eit spanande år. Det er mykje som skjer framover, så det er bere å følgje med, avsluttar Eldegard.
