VILLAKSSENTER: Gjennom eit samarbeid vonar Nasjonalt Villakssenter og Flåm as å skape eit opplevingssenter som er noko meir enn det dei klarer kvar for seg.
VILLAKSSENTER: Gjennom eit samarbeid vonar Nasjonalt Villakssenter og Flåm as å skape eit opplevingssenter som er noko meir enn det dei klarer kvar for seg. (Illustrasjonsfoto: Nasjonalt Villakssenter)

Vil skapa eit internasjonalt og konkurransedyktig opplevingssenter

Saman har Nasjonalt villakssenter og Flåm AS over tid jobba med å skapa eit besøks- og opplevingssenter for villaks, kunst og kultur i Lærdal.

Lærdal: Målet er 70 000 besøkande og aktivitet heile året. I dette ligg ei vesentleg oppgradering av villakssenteret, fleksibel bruk av bygget, nye arbeidsplassar og moglegheiter for utvikling og vekst i lokalsamfunnet.

Det skriv Nasjonalt Villakssenter i denne pressemeldinga. 

– Måla er ambisiøse, men realistiske. Å ha med Flåm AS - som har vist at dei kan få det til – gjev tryggleik. Når me måla vil me skapa eit tosifra tal nye arbeidsplassar, fortel Alf Olsen jr., dagleg leiar i stiftinga Nasjonalt villakssenter.

70 000 gjester årleg 

Oppsummert og overordna er målsetnadane på sikt å skapa eit opplevingssenter som vil tiltrekkja seg og kunne husa kring 70 000 gjester årleg, då gjennom heilårsdrift.

– Kalkylane våre tilseier at det med ei slik publikumsmasse vil bli seks til sju fulle heiltidsstillingar og om lag like mange sesongbaserte arbeidsplassar, forklarar Olsen jr.

– Flåm AS ser kommersielle moglegheiter i prosjektet, men også eit godt grunnlag for lokal verdiskaping innanfor servering, handel og overnatting elles i Lærdal,  seier HR-direktør i Flåm AS, Nils Asbjørn Lie. Og legg til at Flåm AS ynskjer å bidra til utvikling av reiselivet i heile regionen. 

Modellen for det nye senteret tek form

Arbeidet starta for alvor for vel to år sidan. Kommunestyret vedtok ein intensjonsavtale mellom Lærdal kommune og Flåm AS om utvikling av senterdelen i bygningen som frå før husa Norsk villakssenter, Sogn kunstsenter, ein kafédel, kultur- og kinosal, lydstudio og kontorfasilitetar.

I intensjonsavtala ligg mål om å skapa eit heilskapleg opplevingssenter basert på villaksen, meir aktivitet i huset og auka besøk – både for innbyggjarar og tilreisande. Det nyoppretta eigedomsselskapet Øyraplassen 14 AS forvaltar bygget og inngår avtalar med leigetakarar. Gjennom den skisserte løysinga er behovet for leigetakarar – i tillegg til Lærdal kommune - stetta.

Nasjonalt villakssenter er oppretta, og det vart inngått intensjonsavtalar mellom stiftinga og vertskommunane Lærdal, Tana, Namsos og Lyngdal om at desse kommunane skal husa einingar, eller senter, som formidlar kunnskap og informasjon om villaks. 

– Me har i samarbeid med Flåm AS sett oss i førarsetet for å oppfylla intensjonane. Idear kom fram gjennom ein plan- og designkonkurranse. Det danske firmaet Kvorning – spesialisert på og internasjonalt konkurransedyktige innan utstillingsdesign -  vann konkurransen. Ideane er visualiserte og det heile byrjar no å ta form, fortel Olsen jr.

Kvorning sine modellar tek utgangspunkt i areala som husar dagens villakssenter, maksimal utnytting og minst muleg endringar bygget. Tematikken i utstillinga vert mykje den same, men ein vil gå frå plansjar med tekst, ulike statiske modellar og utstillingsobjekt til ei meir interaktiv og dynamisk utstilling.

Me ønsker å gje ei djupare forståing av laksen og det fantastiske livet hans, opne nye perspektiv, pirre nyfikenheita og skape engasjement. Oppleving, spel og konkurranse særleg i høve barn og unge vert eit viktig element. Bruk av store projiserte bilete og videoar av laks som hoppar, laks som sym, laks som gyt vil vera gjennomgåande. 

Tilrettelegging av bygg – fleksibel bruk

Ei anna viktig brikke i arbeidet med nyskapinga er å integrera dei andre delane av bygget gjennom ei rundløype. Publikum blir ført direkte frå villaks til kunst forbi butikk og resepsjon til kafe.

Det er lagt opp til fleksibel bruk av kunstfoajeen til konsertar, føredrag, undervisning og mellombelse utstillingar. Det blir og ei betre kopling mot kafédelen og ei skjerming av kultur og kinosalen.

– Slik me ser det er denne heilskapen heilt essensiell. Skal ein lukkast med å skapa eit senter som er attraktivt nok til å dra 70 000 besøkjande, må det vera eit spektakulært og innhaldsrikt senter som skapar ei god total oppleving. Butikkdelen er viktig for å få økonomien i drifta til å gå opp, og mattilbodet er viktig for heilskapen. Alt må dra i same retning. Areala som ligg i denne «rundløypa» er minimum for å få til noko slikt, seier Lie i Flåm AS.      

Kommunestyret sitt vedtak hausten 2018 seier at formidlinga av Gjesmesamlinga og bruken av kultursalen til kulturarrangement skal oppretthaldast.

– Det er ingen problem. Tvert om tilfører kunstsenteret og Gjesmesamlinga ein annan dimensjon. Med rundløypa vil samlinga kunne bli sett og opplevd av eit veldig stort publikum, seier Lie.

Ønsket er nyopning sommaren 2021.

– Mange ting skal på plass; me snakkar om investeringar på 17-22 millionar kroner. Me legg inn eigne midlar, men er avhengige av ekstern finansiering for å realisere planane. Me er godt i gang med det arbeidet. Neste steg i høve utstillingane er detaljprosjektering. Når det gjeld sjølve bygginga, vonar me å kunne dra vekslar på lokale leverandørar. Ei utbygging i fleire trinn kan vera aktuelt. 15. juni 2021 - 25 år etter at Kong Harald opna Norsk villakssenter – hadde vore ein fin dato for nyopning, men me må vere budde på å bruke meir tid, avsluttar Lie og Olsen jr.    

Til toppen