Internasjonalt oppmøte under Storehaugen Opp​

Under årets Storehaugen Opp møtte deltakarar frå heile landet - pluss litt til. 

Lærdal: Motbakkeløpet Storehaugen Opp gjekk av stabelen torsdag, under sjølve Kristihimmelfartsdag. 

Arrangementssjef Bjørghild Holien fortel til Porten.no at dei alt i alt er svært nøgde med årets motbakkeløp. 

– Det var veldig bra stemning og me har fått gode tilbakemeldingar. Mange sette personlig rekord, og alle verka generelt nøgde med arrangementet. Det var opphaldsvêr heile tida, noko mange reknar som perfekt løpevêr! 

Deltakarar frå Bergen til Brasil

Holien fortel at det var 91 startande under konkurranseklassen, og nesten 200 i mosjonsklassen. Blant desse var folk frå heile landet - og ein heilt frå Brasil. 

– Me hadde ein deltakar frå Rio de Janeiro som var på ferie her i Lærdal. Han deltok på sitt aller første motbakkeløp. 

Ho fortel vidare at bergensaren Anita Iversen Lilleskare vann for damene, medan lustringen Geir Steig tok den overordna sigeren. 

 

 

 

Til toppen