Tre av prosjektdeltakarane: F.v: Roger Ulvestad Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Jøril Hovland Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Line Bjelde Sognefjorden Næringshage. Ikkje tilstade på biletet: Jenny Staalnacke Stryn Næringshage og Arild Hjelmeland Inviro (tidligare Nordfjordeid Næringshage)
Tre av prosjektdeltakarane: F.v: Roger Ulvestad Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Jøril Hovland Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Line Bjelde Sognefjorden Næringshage. Ikkje tilstade på biletet: Jenny Staalnacke Stryn Næringshage og Arild Hjelmeland Inviro (tidligare Nordfjordeid Næringshage) (Foto: Line Bjelde)

Interregionalt samarbeid skal rigga for vekst etter krisa

Slik ligg prosjektet «Kapasitet og kompetanse til nye verkemiddel og omstilling i Sogn og Fjordane» an, kjem det fram i ein pressemelding frå Sogn Næring.

Sogn: Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage, Stryn Næringshage og Inviro AS – tidlegare Nordfjordeid Næringshage er i gang med eit prosjekt; delfinansiert av Vestland Fylkeskommune, som skal auke kapasitet og kompetanse til bedrifter og næringsapparat gjennom krisetidene. 

Målsetnaden med prosjektet er å hjelpe bedrifter som opplev utfordringar som følgje av Covid-19. Individuell rettleiing, nettverksaktivitetar og god kjennskap til dei nye tiltakspakkene skal sørgje for eit breitt, robust og utviklingsorientert næringsliv etter koronakrisa.

Ynskjer å hjelpa så mange som mogleg 

– Me veit det er mange bedrifter som har sett moglegheiter i denne krisa, medan andre framleis held pusten og håpar på det beste. Målet vårt er å nå ut til alle bedrifter som treng hjelp, anten det er gjennom å søkje på tiltakspakker eller jobbe med bedriftsutvikling, seier prosjektleiar Line Bjelde i Sognefjorden Næringshage.

– Kontakten med bedriftene skal skje i tett dialog og samarbeid med kommunane sine næringsapparat, og dette meiner me gir ei ekstra tryggheit. Ønsket vårt er at resultatet av prosjektet vil bli eit bredt, robust og utviklingsorientert næringsliv når kvardagen er tilbake etter koronakrisa, seier Bjelde.

Lovar engasjement 

– Me er i ein ekstraordinær situasjon, og det må setjast inn ekstraordinære tiltak. Samstundes gjev situasjonen rom for nye samarbeid, nye metodar og behov for ny kunnskap seier Arild Hjelmeland, i Inviro.

Med dette som utgangspunkt mobiliserer me no eit interregionalt samarbeid for å støtte næringslivet vårt til omstilling, og rigga oss for ny vekst etter koronapandemien.

– Me håper alle som kjenner på ei usikkerheit rundt eiga bedrift vil ta kontakt med sin nærmaste næringshage eller kommunane sine førstelinjetenester; og så lover me at det kjem konkrete tiltak etter kvart, som gjer det enklare for bedriftene å engasjere seg seier Hjelmeland.

Til toppen