INVITASJON: – Bli med på laget for framtidas Sogn og Fjordane du også, skriv fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Pressefoto
INVITASJON: – Bli med på laget for framtidas Sogn og Fjordane du også, skriv fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Pressefoto

MEININGAR

Invitasjon frå fylkesordføraren

– Nærmiljøet og lokalsamfunna er ramma for liva våre. Arbeiderpartiet trur på sterke fellesskapsløysingar. Vi får meir til ilag enn kvar for oss, skriv Åshild Kjelsnes (Ap), fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Små forskjellar og like moglegheiter har gjort at vi i Norge har sterk tillit til kvarandre og til styresmaktene. Vi vil fortsette å stille krav, vi vil fortsette å stille opp og vi vil fortsette å sameine gode krefter.

Regjeringa Solberg har sett i gong ei stor kommunereform som vi i dag ikkje veit resultatet av. Arbeiderpartiet støttar ikkje Regjeringa sin bruk av tvang for å gjennomføre reforma, og vi meiner Regjeringa ikkje tek nok distriktsomsyn når det tek til orde for å gjere storbyane til motorar for Norge i åra som kjem. På den måten vert det skapt restområde som vil hindre god nok verdiskaping i heile landet vårt. Det meiner vi ikkje er framtidas løysing eller framtidas politikk.

Vi i Arbeiderpartiet vil at Sogn og Fjordane skal vere ein attraktiv region å bu, arbeide og leve gode liv i. Vårt mål er at innbyggjartalet skal vekse sterkare i åra som kjem i dette flotte og unike området vårt. Derfor tek fylkesordføraren initiativ til breitt å samle gode krefter innan næringsliv, offentleg forvaltning, eldsjeler, kompetansemiljø, lag og organisasjonar til ein felles innsats for å byggje merkevaren Sogn og Fjordane i eit langsiktig perspektiv, uavhengig av framtidig struktur og grenser på det kommunale og regionale forvaltningsnivået.

Same korleis grensene og storleiken blir på kommunar og fylkeskommunar, veit vi at det skal bu folk i Sogn og Fjordane. Derfor vil vi ha deg med på å gjere denne delen av landet vårt til framtidas førsteval for gründerar som vil utvikle framtidas arbeidsplassar, og til førsteval for miljømedvitne innbyggjarar som er opptekne av livskvalitet, natur, miljø og trygge lokalsamfunn. Vi vil det skal vere førstevalet for aktive arbeidstakarar og bedriftseigarar som vil vere med å byggje gode bu- og arbeidsområde. Bli med på laget for framtidas Sogn og Fjordane du også.

Til toppen