INVITERER: Offerdalens vener inviterer til open dag i Ofredalen på anlegget «Ne fø sjøen», der ein kan sjå nærare på husa og arbeidet som er gjort. Foto: Harald Thune.
INVITERER: Offerdalens vener inviterer til open dag i Ofredalen på anlegget «Ne fø sjøen», der ein kan sjå nærare på husa og arbeidet som er gjort. Foto: Harald Thune.

Inviterer folk til Ofredalen

Offerdalens vener inviterer til open dag på Ofredalsanlegget.

Ofredalen: Søndag inviterer Offerdalens vener folk ut til Indre Ofredal for å sjå kva dei driv på med.

I heile sommar har ein gjeng eldsjeler dreve med omfattande dugnar på anlegget der for å få ting i stand. Blant anna har dei måla delar av våningshuset og sett opp boksar for å hindra saghuset i å falle saman.

– Me inviterer folk til å ta seg ein tur slik at dei får sjå husa og kva me held på med der ute. Det blir sal av kaffi, lappar, pølser og saft eller brus, seier Harald Thune.

Han håpar så mange som råd vil ta turen dit søndag. Der kan dei spørja om historia kring plassen og husa, og mest handlar dette om å nytta seg av området.

– Det er utruleg kva folk har bidrege med. Blant anna har me ikkje betalt fem ører for mat. Der har alle butikkar i Årdal bidrege.

Til toppen