VEGSKILJE: Kor vidt det blir golfbane i Lærdal utover 2019 kjem an på om Lærdal golfklubb får nok areal til å etablera ny bane. Oddmund Bøe (t.v.) og Per Åke Evjestad sit i ein kommite sett ned av årsmøtet i klubben til å sjå på moglegheita for nytt areal. Her står deii framfor flyfoto som viser deler av dagens bane på Rikheim – som altså vil bli avvikla etter 2019-sesongen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VEGSKILJE: Kor vidt det blir golfbane i Lærdal utover 2019 kjem an på om Lærdal golfklubb får nok areal til å etablera ny bane. Oddmund Bøe (t.v.) og Per Åke Evjestad sit i ein kommite sett ned av årsmøtet i klubben til å sjå på moglegheita for nytt areal. Her står deii framfor flyfoto som viser deler av dagens bane på Rikheim – som altså vil bli avvikla etter 2019-sesongen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Inviterer grunneigarar til å husa ny golfbane

2019 blir siste året med golfbane i Lærdal – dersom ein ikkje får areal til å byggja ei ny. No inviterer Lærdal golfklubb grunneigarar som kunne vera interesserte i å leiga vekk areal til dialog. 

Lærdal: – Me bør byggja ei niholsbane, dersom me er så heldige å få nok areal. Me har 110 mål til seksholsbana i dag. Kor mykje me treng no kjem heilt an på korleis eit eventuelt areal ser ut, men me treng nok minst det dobbelte av kva me har i dag, seier Per Åke Evjestad.

Grunneigarane som husar dagens golfbane i Lærdal har meldt frå om at når leigekontrakten går ut i 2019, kjem den ikkje til å bli fornya.

Les også: Vil nytte golfbana til sauebeite

Difor sette årsmøtet i golfklubben ned ein kommite som skal sjå på moglegheitene for å finna nytt areal til ny golfbane. I den samanheng inviterer klubben grunneigarar som kunne vera interesserte i å høyra meir om dette til informasjonsmøte på Håbakken 29. mars klokka 18.

– Dette er eit ope møte og me må ha grunneigarar som er interesserte i å leiga ut areala sine skal det vera aktuelt for oss å gå vidare. Me vil ikkje pressa hardt på, men gå til dette med ei ope haldning, held Evjestad fram. 

– Kombinasjon av innmark og utmark gjer ei bane meir interessant

Golfbana i Lærdal vart opna på hausten i 1999. Ei ny utgåve av seksholsbana kom på plass i 2004, og golfklubben hadde då gjort ei investering på mellom ein og to millionar kroner – midlar som kom frå medlemsavgifter og sponsorar, hovudsakleg

– Bana var veldig populær til å byrja med. Etter kvart har ein del medlemmar byrja å reisa på andre baner for å spela og såleis få nye utfordringar, men medlemstalet i klubben er stabilt, seier Oddmund Bøe, som også sit i kommiteen som seer på moglegheita for nye areal.

Så for å gje medlemmar og andre golfarar litt meir utfordringar er det altså ei niholsbane som først og fremst er aktuelt – når ein først skal prøve å få etablert ei ny bane.

– Det er ikkje slik at det treng å vera over to hundre mål samanhengande plen. At det er ein kombinasjon av innmark og utmar er berre positivt og gjer bana meir interessant. Ein kan til dømes ha utslag på ei side av eit lite skogholt og holet på andre sida av holtet, eller den kan kryssa ein skogsveg. Og det kan vera litt høgdeskilnad, forklarar Evjestad.

– Kor mykje vil noko slikt kosta? 

Det betyr 30 år, fordi ein får tippemidlar først når ein har ein 30 årsavtale å visa til. Og for å setja i gang eit så stort prosjekt, trengst det tippemidlar, forklarar karane.

– Ettersom det ikkje er andre golfbaner i Sogn, kan ei slik bane også knytast til «Regional plan for fysisk aktivtet, idrettsliv og friluftsliv» hjå fylkeskommunen. Så det blir eit nytt steg. Og for ei niholsbane må nok ein reguleringsplan til, det er også eit steg. Så om me kjem så langt blir det ein omfattande prosess, held Evjestad fram.

– Moglegheiter for grunneigarar å utvikla noko tilknytt ei golfbane

Dei trur også eventuelt interesserte grunneigarar vil kunne utvikla noko i samband med ei ny golfbane. 

– Andre ting knytast opp mot anlegget; kanskje grunneigarar kan tenkje hytteutleige eller få til ei tennisbane. Det må vera heilt opptil grunneigar, men det er i alle fall moglegheiter.

Kommiteen har eit halvt år på seg; når ein kjem til august vil dei gjera opp status og sjå om det finst nok interesse for å leiga ut areal frå grunneigarsida til å gå vidare med planar om ny golfbane i Lærdal.

– Viss nokon tenkjer at dei har noko areal som dei er interesserte i å leiga ut, så er det berre å koma på møtet 29. mars. Ein må ikkje tenkja at ein ikkje har nok eller feil type areal, for truleg treng me uansett areal frå fleire grunneigarar. I denne omgang vil me berre få kartlagt kva me kan ha å spela på.

– Kor viktig er det for Lærdal å ha ei golfbane?

– Den me har no er einaste golfbana i Indre Sogn, så det er eit spørsmål om ein vil ha eit golftilbod i regionen eller ikkje. Og Lærdal treng aktivitetar for turistar, seier Evjestad.

– Golf er også helsefremjande, spesielt for eldre fordi ein kjem seg i aktivitet og går mykje i løpet av ein golfrunde, legg Bøe til. 

Til toppen