INVITERER: Nærøyfjorden Verdsarvpark og dagleg leiar Erling Oppheim inviterer til seminar om kursen for reiselivet i Aurland 3. mai. Foto: Ole Ramshus Sælthun
INVITERER: Nærøyfjorden Verdsarvpark og dagleg leiar Erling Oppheim inviterer til seminar om kursen for reiselivet i Aurland 3. mai. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Inviterer til debatt om kursen for reiselivet i Aurland

- Me skal kanskje også i 2027 vera det beste reisemålet, anna enn det som går på kvanta. Då må me starta debatten, seier Erling Oppheim, dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Aurland: Onsdag 3. mai går seminaret "Berekraftig reisemål 2027?" av stabelen på Fretheim hotell i regi av Nærøyfjorden Verdsarvpark.

- Me har dei flottaste reisemåla, ifølgje mellom andre National Geographic. Då bør me ha ein tanke om kva reisemålet skal vera i framtida når det gjeld kvalitet og fokus på berekraft. Det finst store interessemotsetnader, så me treng å starta diskusjonen og eventuelt ein prosess, seier Oppheim.

- Opplever sider ved turistnæringa som ikkje berre er positive

Ikkje noko nytt tema, kanskje; men eit tema som gjer seg stadig meir gjeldande, ifølgje Oppheim:

- Me opplever sider ved turistnæringa i Aurland som ikkje berre positive; det er fullt trykk på fjordane og vegane, og me har veldig mange aktørar på land.

- Skal ein knyta det grøne skiftet til ei slik satsing, må det ikkje berre bli prat. Det kan vera snakk om å nytta den siste miljøteknologien på sjøen og til lands. Det vil løfta produkta enno nokre hakk. Men då må ein vera einige om at det er målet, held han fram.

Oppheim håpar på bra oppmøte.

- Me oppmodar verksemdene eller uansett kven som måtte ha interesse av temaet møter opp. 
 

Til toppen