BYGDEKVELD: I midten av mars skal det vere fleirkulturell bygdekveld i kulturhuset i Lærdal. Initiativtakarane til arrangementet er den kommunale gruppa som skal arbeide med aktivitetar i kulturhuset. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
BYGDEKVELD: I midten av mars skal det vere fleirkulturell bygdekveld i kulturhuset i Lærdal. Initiativtakarane til arrangementet er den kommunale gruppa som skal arbeide med aktivitetar i kulturhuset. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Inviterer til fargerik bygdekveld

I mars skal vil ein kunne oppleve mangfaldet i Lærdal på nært hald.

Lærdal: I Lærdal bur folk frå mange ulike land. Det blir sagt at det finst mellom 25 og 30 nasjonalitetar i den vesle kommunen. Medan nokre har budd her i fleire år, har andre berre vore her i nokre månader.

Like fullt har dei alle ein kultur å syne fram og ei historie å fortelje. Nettopp det får ein sjansen til å oppleve når det blir skipa til fleirkulturell bygdekveld i Lærdal 15. mars.

Det er den kommunale gruppa for aktivitet i kulturhuset som er initiativtakar til arrangementen. Måndag var det planleggingsmøte der idear til å kva som skal synast fram kom opp.

Aktivitet i kulturhuset

– Det byrja med at kommunestyret i Lærdal sette ned ei gruppe som skulle jobbe med å få til meir aktivitet i kulturhuset. Denne ideen kom opp, og kulturhuset er jo ypperleg til eit slikt mangfaldig arrangement, seier Anna Avdem.

Tente på oppgåva gjekk dei i gong med planlegging og inviterte til møte. Det viste seg at dei mange utanlandske som har flytta til Lærdal var minst like tente. Måndag kom dei med fleire idear til matrettar, songar og dans som skal presenterast. 

Lære av andre

Mohammed Shaham Dandashi frå Syria har budd i Lærdal i berre tre månader, men han ser veldig fram til denne kvelden. 

– Dette er eit flott tiltak, spesielt i desse tider. Me har mange nasjonalitetar i Lærdal, men det er få som kjenner til kvarandre, så dette blir eit flott arrangement der ein kan mikse kulturane. Dette vil hjelpe meg å bli kjend med andre, lære av dei og gi meg erfaring i livet, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

LÆRE AV ANDRE: Mohammed Shaham Dandashi ser fram til bygdekvelden og gler seg til å lære av andre kulturar.
LÆRE AV ANDRE: Mohammed Shaham Dandashi ser fram til bygdekvelden og gler seg til å lære av andre kulturar.

Han gler seg over livet i Lærdal og forklarar kvifor dette er ein plass han ønskjer å slå seg ned.

– Eg føler no at eg kan sove trygt utan bombing. I Syria og Libanon er det flaks om du overlever eller dør. No er eg komfortabel innvendig og kan sove trygt. Eg finn det eg vil ha i Lærdal. Det er stille og mykje fine folk her.

Magfald

At dette arrangementet skal gi han og andre meir lærdom om ulike kulturar er akkurat det Avdem håpar på.

– Ja, ta til dømes gruppa med chilenarar som har vore her i 30 år. Det har så vidt vore slike arrangement, så dei synest dette er kjærkome. Me reknar seg som lærdøler, men dei har sjølvsagt sin kultur som dei held på. Dette er ein fantastisk sjanse til å vise fram mangfaldet i ei bygd. 

Til toppen