FJELLDUGNAD: Prosjektet Kongevegen over Filefjell inviterar til dugnad i høgfjellet fyrstkomande laurdag. Foto: Jan Adriansen
FJELLDUGNAD: Prosjektet Kongevegen over Filefjell inviterar til dugnad i høgfjellet fyrstkomande laurdag. Foto: Jan Adriansen

Inviterer til fjelldugnad

Vandrevegsprosjektet Kongevegen over Filefjell inviterer til dugnad fyrstkomande laurdag.

Samarbeidsprosjektet som pussar opp den over 220 år gamle Kongevegen, ynskjer no hjelp frå alle interesserte for å renske opp vegbana. På laurdag kan du kombinere ein friluftsdag i storslått natur med dugnadsarbeid i høgfjella over Maristova og Kyrkjestølen.

Føremålet med dugnaden er å fjerne vier og småbjørk som veks inn i vegbana til Kongevegen. – Det er enkelte partiar som har vokst att så mykje at det berre er ein sti, seier Jan Adriansen, prosjektleiar i Kongevegen over Filefjell. 

Varig endring

– Fordelen med denne dugnaden er at den gjev varig endring i landskapet fordi det veks så sakte oppe på høgfjellet. Det har ikkje vorte gjort noko på dette partiet dei siste 150 åra, seier Adriansen.

Dugnadsarbeidet skal gjerast i området kring Sauetjørn, eit ynda fotograferingsmotiv for dei som vandrar i fjellet. Adriansen fortel at det er eit fotogent område, og at det er difor dei legg dugnaden dit.

Sosialt

Frå Maristova og opp til Sauetjørnområdet er det omlag 3-4 kilometer å gå, og Adriansen er oppteken av at dette skal vera ei friluftsoppleving der ein samstundes kan dela av sin arbeidskraft. 

– Det viktigaste er at alle har det artig når me held på. Dette skal vera eit sosialt arrangement. 

Om du ynskjer å ta del i Kongevegen-prosjektet, møt opp ved Maristova på Filefjell kl. 10.00 på laurdag. 

Facebook finn du utstyrsliste.

Til toppen