FORTELJARFEST: E-CO Energi inviterer til forteljarfest i Aurlandsdalen 11. juni. Pressefoto
FORTELJARFEST: E-CO Energi inviterer til forteljarfest i Aurlandsdalen 11. juni. Pressefoto

Inviterer til forteljarfest i Aurlandsdalen

E-CO Energi feirar sine 125 år med familietur. Og under arrangementet vil det bli offisiell opning av to nye utedoar ved ordføraren.

Aurland: – Ettersom me fyller 125 år held me minst eitt arrangement i år der me har anlegg. I Aurland blir det denne turmarsjen i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark, fortel Per Storm-Mathisen, informasjonssjef i E-CO Energi.

Arrangementet går av stabelen søndag 11. juni. Folk som vil vera med kan parkera ved hovudbygningen til kraftverket i Vassbygdi. Herifrå går det buss til Berdalen klokka 10, og turen går til fots over ei nyleg restaurert hengebru vidare til Heimrebø.

– Her blir det pølser, drikke og forteljingar. Forteljingar blir det også av lokale undervegs på turen. Desse handlar om det ein ser i Auralndsdalen og om folka som budde der. Noko er segn, anna faktabasert. Til døme korleis dei levde ved Sinjarheim, der det budde folk til lang innpå 1900-talet, seier Storm-Mathisen.

Ordføraren opnar utedoar

Frå Heimrebø kan folk anten velja den korte varianten ved å gå same veg tilbake til Berdalen, eller dei kan gå ned Aurlandsdalen til Vassbygdi.

– Det blir også opning av to utetoar som E-CO har fått sett opp med ordførar og greier. Dette er eit bidrag til Aurlandsdalens venner. Opning av utedoar er jo kanskje litt spesielt, men for at det skal sjå pent ut langs vegen der mykje folk går er det eit viktig tiltak.

Den eine utedoen står ved Heimrebø, den andre ved Vetlehelvete.

Det var Oslo Lysverker som bygde ut til kraftproduksjon i området sist på 60-talet og først på 70-talet. Seinare vart Oslo Lysverker til E-Co Energi.

Når selskapet fyller 125 år er det den spede starten som blir feira

–  Det er i ar 125 år sidan Christiania Elektritetsverk tente dei først wattlampene i Oslo. Så det er eigentleg det me feirar, seier Storm-Mathisen.

facebookarrangementet for forteljarfesten finn du meir informasjon.

Til toppen