Aurland: Det går mot vår og ein ny fotballsesong nærmar seg for unge og ivrige fotballspelarar.
Tysdag inviterer Frank Westad, som også er rådmann i Aurland, til kick-off på sesongen 2017, der han held eit lite minikurs for å auke kompetansen hjå trenarar i aldersbestemt fotball. Seminaret er for trenarar og dei som ønskjer å bli trenarar.
– Det dreier seg litt om å motivere før ein ny sesong, og gjerne for å motivere nye trenarar til å koma. Poenget er å lokke fleire på bana slik at ein får fleire trenarar. Det er ei kjekk og interessant rolle, og så er det jo litt leiarutdanning i det, seier Westad.
Han har bakgrunn som trenar for fleire smågute-, gute- og juniorlag. Til dømes har han trent aldersbestemte lag i Molde og Stryn.
– På seminaret blir det litt teori, der me prøver å få i gang litt diskusjonar, og ein praktisk bit. Etter forholda er det ganske bra miljø her i Aurland, men for å heve nivået er det viktigaste å starte med trenarane.