HANDARBEID: Leiar Aud Andersen seier alle som vil er velkomne på handarbeidskafé i Seimsdalen kva onsdag kveld. 
HANDARBEID: Leiar Aud Andersen seier alle som vil er velkomne på handarbeidskafé i Seimsdalen kva onsdag kveld. 

Inviterer til hyggekveldar med handarbeid i Seimsdalen

Seimsdal Ungdomslag inviterer alle som vil til å ta turen til Ungdomshuset i Seimsdalen kvar onsdag kveld.

Seimsdal Ungdomslag inviterer alle som har lyst til å koma på handarbeidskveldar i Ungdomshuset "Helgatun" i Seimsdalen kvar onsdag kveld.

– Alle er meir enn hjarteleg velkomne. Ikkje treng ein vera medlem i Ungdomslaget, og ikkje treng ein vera særleg flink. Her er alt frå nybyrjarar til godt erfarne, smiler leiar Aud Andersen i Seimsdal Ungdomslag.

Om du blar med pilene øvst oppe i artikkelen, kan du sjå døme på noko av handarbeidet som vart jobba med i går kveld.

Praten går lett

Seimsdal Ungdomslag har drive med denne type handarbeidskveldar i to år, Desse kveldane er det sosiale like mykje i fokus som det å driva med handarbeid. 

– Praten går flittig om handarbeidet som me driv med,  me deler oppskrifter, kunnskapar og idear med kvarandre. Her blir det produsert både små og store handarbeid, alt frå strikkalabbar, vaskeklutar, gensarar, babyklede og mykje anna, seier Andersen.

Kvar samling varar i to timar, og det er inga aldersgrensa for å vera med. Dei som møtest no, er mellom 20 og 75 år gamle, og her er folk både frå Øvre Årdal og Årdalstangen.

– Det er berre fint om enda fleire av den yngre garde dukkar opp. Og som sagt treng ein ikkje vera flink i det heile, kanskje einskilde berre er interesserte i å lære? Det er berre å komma, alle er hjarteleg velkomne uansett. Det viktigaste er at me kosar oss, seier ho.

HÅPAR MANGE KJEM: Leiar i Seimsdal Ungdomslag, Aud Andersen, håpar mange tek med seg handarbeid og tek turen til Ungdomshuset kvar onsdag kveld framover.
HÅPAR MANGE KJEM: Leiar i Seimsdal Ungdomslag, Aud Andersen, håpar mange tek med seg handarbeid og tek turen til Ungdomshuset kvar onsdag kveld framover.

Kaffi med noko attåt

Det kostar ingenting å vera med, men ønskjer du å kjøpa ein kaffikopp eller litt ​

brus, er det greit om du betalar 10 kroner. 

Elles er det alltid nokon som føler for det, som har med seg noko lite dei frammøtte kan bita i.

– Dette gjeld alt frå heimalaga kaker eller "kjøpekake", gjærbakst, sjokolade eller kjeks. I kveld var det ei som kom med gode plommer til dømes. Det varierer òg kva årstid me er i. Litt jordbær sommarstid er vanleg, og no nærmar det snart jul, og da pleier det å komma julekake på bordet, lokkar Andersen.

Til toppen