SKYTING: Even-André Grytten ropar ut den oransje leirdua før han trekker av oppe på Mjøen i Øvre Årdal. Årdal Leirduegruppe trenar fast der oppe kvar tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen
SKYTING: Even-André Grytten ropar ut den oransje leirdua før han trekker av oppe på Mjøen i Øvre Årdal. Årdal Leirduegruppe trenar fast der oppe kvar tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Inviterer til Jaktskytingas dag

Konkurranseinstinkt, gler du deg til jakt eller er berre nysgjerrig på skyting? 

Årdal: Jaktskytingas dag er arrangement av dei lokale Jeger og Fiskeforeningane i Noreg. Det er no fleire år sidan dagen har vore arrangert i Årdal, men tysdag har du sjansen til å vera med. Då inviterer leirdueklubben under Årdal Jeger og Fiskeforening til Jaktskytingas dag på skytefeltet på Mjøen i Øvre Årdal.

Der har du moglegheit til å prøva leirdueskyting og å skyte med salonggevær på blink. Det blir konkurransar og moglegheit til å kjøpa både mat og drikke. Leirdueklubben stiller i tillegg med fire hagler til utlån.  

JAKTSKYTINGAS DAG: Kristian Natvik i leirduegruppa under Årdal Jeger og Fiskeforening.
JAKTSKYTINGAS DAG: Kristian Natvik i leirduegruppa under Årdal Jeger og Fiskeforening.

Opent for alle

– Me er på plass frå klokka fem tysdag ettermiddag, og me blir her heilt til folk går lei. Her er det berre å ta turen, det er opent for alle, seier Kristian Natvik i Årdal Leirduegruppe.

Dagen er for dei som er jaktinteresserte, dei som likar konkurranseskyting og for dei som berre vil prøve. 

– Ein kan mellom anna trena til rypejakt, då er leidueskyting glitrande. Du må heller ikkje vera redd for å ta turen sjølv om du aldri har skote før. Dette skal vera for moro, og ein plass må alle begynne, seier han og legg til at om du treng hjelp og rettleiing, så får du det. 

Vil ha med fleire unge

– Me prøvar å få opp rekrutteringa til både leidueskyting og jakt, fortel Natvik.

– Det er ikkje så mange yngre folk, så det trengs å få opp interessa, legg Even André-Grytten til. 

Eikþyrnir Bogeskyttarlag lagar til bane med 3D-dyr
PIL OG BOGE: Nysgjerrig på å skyta med boge? Ta turen opp på Mjøen tysdag ettermiddag. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

Han er frå Askvoll, men er no lærling på Hydro, noko som gjer at han er aktivt med i leirduegruppa i Årdal.  

Også mogleg å prøva bogeskyting

Eikþyrnir Bogeskyttarlag held også til i same område, og har laga til bane med 3D-dyr. Her finn du blinkar og 13 dyr plassert ut på stigen som strekk seg gjennom skogen. Dei har i tillegg rigga til for øksekasting på blinkar. 

Bogeskyttarlaget har to bogar til utlån, og om du vil prøve, er det berre å nytta høvet tysdag under Jaktskytingas dag. 

Les også: Med pil og boge skal 3D-dyra til pers. 

Til toppen