KLIMAKONFERANSE: Framtidas klima kan føre til meir ekstremvêr, med mellom anna fleire og større flaumar som vi mellom anna såg i Flåm i 2014. (Foto: Arkiv/Anne Karin Skjær)

Inviterer til klimakonferanse for å diskutere vegen til ei grønare framtid

– Litt tabloid kan du seie at klimaet blir varmare, våtare og villare. Då må vi bli smartare, grønnare og tryggare.

Sogndal: I slutten av august er det duka for ein nasjonal klimakonferanse i Sogndal. Arrangørane er Høgskulen på Vestlandet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vestlandsforsking, NVE region vest, Statens vegvesen og Innovasjon Noreg.

I år, som i fjor, er temaet klimpatilpassing og omstilling.

– Vi prøver å sjå både på korleis vi kan tilpasse oss eit endra klima og korleis vi kan få ned utsleppa. Litt tabloid kan du seie at klimaet blir varmare, våtare og villare, då må vi bli smartare, grønnare og tryggare. Det handlar om korleis vi skal få til det grøne skiftet i praksis, seier Svein Helge Steinsåker, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Håpar å sette miljø på dagsorden før valet

I fjor var det 175 deltakarar på konferansen og arrangørane håpar på noko tilsvarande i år. Målgruppa er breitt samansett, her kjem kommunetilsette, planleggarar, politikarar, byråkratar, næringslivsfolk, statstilsette, forskarar, konsulentar, bankfolk og vanlege innbyggjarar saman for å lære meir om framtidas klimautfordringar.

På konferansen er òg diverse politikarar blitt utfordra til å legge fram kva konkret dei ser for seg å kunne bidra med.

– Det finst allereie i dag ein god del tekniske løysingar, men dei politiske prioriteringane og føringane må òg på plass for å få til det grøne skiftet. Konferansen er eit par veker før valet, så vi håpar på litt ekstra oppslutning rundt det av den grunn, seier Steinsåker.

– Vi meiner Norsun er ein veldig god «case»

Den eine dagen er det lagt opp til ein kjellarsesjon som er open og gratis for publikum. Her vil det bli vist dokumentarfilmar, det blir klimaspel og høve for publikum til å stille spørsmål til ekspertane.

– Folk som ikkje har tid eller lyst til å vere med på heile konferansen, kan vere med på det som skjer der nede.

Hovudkonferansen er i Sogndal, men blir sparka i gang med ein klimaekskursjon i Lærdal. På siste dagen kjem Norsun frå Årdal for å presentere deira bidrag til ei grønare framtid.

– Vi meiner Norsun er ein veldig god «case», dei brukar rein vasskraft til å produsere grøn teknologi som andre plassar kan bruke til å bli grønare. Norge blir kalla Europas batteri, men Norsun viser at det òg er mogleg å produsere teknologi som gjer andre grønare.

Til toppen