TAKKONSERT: Longhorn og Norsk Villakssenter inviterer musikarar og publikum til "Konsert for MR". F.v.: Ragnar Sanden, Steinar Kvigne og Kristen Olav Grøttebø i Longhorn. Dariusz Baran, drivar av Norsk Villakssenter til høgre. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TAKKONSERT: Longhorn og Norsk Villakssenter inviterer musikarar og publikum til "Konsert for MR". F.v.: Ragnar Sanden, Steinar Kvigne og Kristen Olav Grøttebø i Longhorn. Dariusz Baran, drivar av Norsk Villakssenter til høgre. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Inviterer til konsert for MR-maskina

Lærdalsgruppa Longhorn held konsert onsdag 13.juli der inntektene går til MR-maskina. No inviterer dei andre musikarar til å bli med.

Lærdal: – Alle musikarar som er i Lærdal og omegn kan koma, om det så berre er for å framføra ei låt. Og me inviterer heile Indre Sogn til å koma og høyra på, seier Kristen Olav Grøttebø i Longhorn.

Dei har spelt countrymusikken sin i mange årtier og er stamgjester på Norsk Country Treff på Breim. Dit skal Longhorn i år også. I denne samanhengen opna det seg ein ny moglegheit.

Taket på Laksen blir arena

– Me er uansett samla komande veke for å øva på reportoaret til countrytreffet. Så var det Dariusz som kom med ideen om å halda konsert til inntekt for MR-maskina. Og det var jo ein svært god idé, held Grøttebø fram.

Dariusz Baran driv Norsk Villakssenter, som blir arena for konserten onsdag 13.juli klokka 19. Nærare bestemt på taket ut mot elva og fjorden. Og dersom det blir stort publikum og mange musikarar, kan fleire deler av senteret nyttast.

– Taket har ein kapasitet på hundre personar. Kjem det bra med folk og nok musikarar til å dela konserten opp kan me ha ulike sesjonar rundt på senteret, både innan- og utandørs, seier Baran.

Tysdag var det planleggingsmøte med to andre medlemmar i Longhorn, Ragnar Sanden og Steinar Kvigne. Dei håpar fleire hyv seg med.

– Eg har vore i kontakt med folk som spelar og syng både i Aurland, Årdal og Lærdal. Mange har reist på ferie, det er ei utfordring. Men alle eg har snakka med seier dei vil koma om dei har høve. Alle som musikarar som har lyst til å bidra, kan ta kontakt med meg, fortel Grøttebø.

Utfordrar Hydro og NorSun

Dei tek 200 kroner i inngangsbillett, og inntektene går uavkorta til dugnaden for å få MR-maskin til Lærdal.

– Kjem det hundre personar blir det 20 000 kroner. Alt hjelp på, seier Grøttebø.

Porten skreiv at det ved utgangen av førre veke stod att halvannan million av dei ti millionane som må til for å finansiera MR-maskin ved Lærdal sjukehus. I løpet av veka hadde det kome bidrag frå ei rekkje lag og organisasjonar i Indre Sogn:

No vil musikarane gjera sitt, og karane i Longhorn nyttar også høve til å utfordra to viktige og relevante næringsaktørar:

– Me utfordrar Hydro og NorSun til å bidra. Dei kan verkeleg nyta godt av ei MR-maskin, avsluttar Grøttebø. 

Til toppen