KONSERT: Latslaur med elevera frå musikklinja på Firda vidaregåande skule står på scena på Lærdalsøren hotell onsdag kveld. Lærdalsjenta Ingebjørg M. Øren i front. Pressefoto
KONSERT: Latslaur med elevera frå musikklinja på Firda vidaregåande skule står på scena på Lærdalsøren hotell onsdag kveld. Lærdalsjenta Ingebjørg M. Øren i front. Pressefoto

Inviterer til konsert med avslappa stemning

Når Latslaur står på scena på Lærdalsøren hotell onsdag kveld får publikum eit variert spekter av låtar.

Lærdal: - Det blir masse kjende sangar og nokre ukjende - men ikkje noko heftig rock. Me covrar låtar innan jazz, pop og ballade, så køyrer me noko litt bluesaktig og litt country. Litt av alt, eigentleg, seier Ingebjørg M. Øren 

KVINTETT: Alle dei fem medlemmane av Latslaur, frå venstre:  Anna Niinberg, Peter Kollstrøm Heilevang, Ingebjørg M. Øren, Håvard Husevåg og Maria Sætren Eide. Pressefoto
KVINTETT: Alle dei fem medlemmane av Latslaur, frå venstre:  Anna Niinberg, Peter Kollstrøm Heilevang, Ingebjørg M. Øren, Håvard Husevåg og Maria Sætren Eide. Pressefoto

Lærdalsjenta er ein av fem i bandet Latslaur, som spelar opp på Lærdalsøren hotell onsdag kveld klokka 19. Bandet består av elevar ved musikklinja på Firda vidaregåande skule.

- Me har eit fag som heiter instruksjon og leiing, den eine delen av faget er å arrangera konsertar og events. Her blir me sendt ut i kommunar for å halda konsertar for lokalbefolkninga, seier Øren.

Mange sangarar

Bandet har ei stor overvekt av sangarar, noko som har skapt litt utfordringar.

- Me har fire sangarar og ein på gitar. Men heldigvis er fleire av sangarane allsidige og kan gjera litt anna - så me har også piano og cajon, seier Øren.

- Du sjølv syng, eller?

- Ja, eg har prøvd så hardt eg kan å spela instrument, men kome fram til at det er noko eg bør overlata til andre.

- "Latslaur" høyrdest veldig lærdøl ut - kvar kjem namnet frå?

- Hehe, me prøvde eigentleg berre å finna eit veldig nynorsk namn som kunne vekkja litt interesse.

Til toppen