NYTTAR SEG AV SHERPAER: Husdoktor og fjellbonde Geirr Vetti, i midten, kjem til Skåri i Utldalen. Foto: Rigmor Solem
NYTTAR SEG AV SHERPAER: Husdoktor og fjellbonde Geirr Vetti, i midten, kjem til Skåri i Utldalen. Foto: Rigmor Solem

Inviterer til kreativ søknadskriving

Går du med planar eller ein idé om å restaurere ein bygning, stig eller å lage til ein festival? Husdoktor og fjellbonde Geirr Vetti kan hjelpe deg med søknadskrivinga.

For første gong blir "kreativ søknadskriving" arrangert i Utladalen Naturhus. Geirr Vetti frå Skåri i Mørkridsdalen i Luster, kjem til Skåri i Utladalen måndag kveld. 

– Kven er kurset for?

– Dette er for alle med planar og idéar om å setje i gang noko, og som treng råd for korleis å gå fram for å søkje tilskot. Det kan vera bru- eller stigprosjekt, restaurering av gamle bygningar og kulturminne til arrangement for barn og unge, seier Rigmor Solem, ansvarleg for Statens naturoppsyn i Jotunheimen og Utladalen, som har eit tett samarbeid med Stiftinga Utladalen Naturhus.

Ho fortel ein kan søkje tilskot frå fleire ulike fond. 

– Kanskje har du søkt før, men fekk nei då du ikkje hadde god nok søknad eller bakgrunnsmateriale. No kan du få hjelp til å prøve til att, seier Solem. 

Solem fortel at Statens Naturoppsyn har mellom anna kjøpt tenester frå Geirr Vetti til å bruke sherpaer til å byggje stigar i Jotunheimen, seinast til rullestolstigen ved Naturhuset. Vetti har eit stort nettverk, og har tileigna seg mykje kunnskap som han no vil vidareformidle. Han kan mykje, og kan svare på spørsmål, i tillegg sit også Stiftinga Utladalen Naturhus og Stiftinga Nundalen på erfaring som du kan ha nytte av. 

Arrangementet "kreativ søknadskriving" er gratis, ope for alle og det blir enkel servering. Arrangør for kvelden er Stiftinga Utladalen Naturhus i samarbeid med Stiftinga Nundalen.

Til toppen