Inviterer til kurs i registrering av kulturminne

Inviterer til kurs i registrering av kulturminne

Kulturkontoret i Lærdal inviterer til kurs i registrering av kulturminne.

På kurset får ein høve til å løfte fram kulturminne som er viktige, og bygda får høve til å profilera kulturminne som er viktige for folk her. 

– Registrering av kulturminnesøk vil vera grunnlag for å formidla kulturminneverdiar, kunnskap, oppleving og bruk. Registreringane i kulturminnesøk vil bli nytta i arbeidet med kulturminneplanen og dei prioriteringane av lokale kulturminne som blir gjort det, heiter det i pressemeldinga.

Bakgrunnen for kurset er at Lærdal kommune er i gong med å laga ein kulturminneplan og ønskjer å basera han på kulturminne som folk meiner er viktige.

Å auka kunnskapen om kulturarven som grunnlag for å utvikla lokal identitet, aktivitet og verdiskaping er føremålet med satsinga. 

Til toppen