BEST MOGLEG: Målgruppa for møtet om forvalting av fjellvatna er grunneigarar og andre med interesse for fjellfiske, både i Aurland og nabokommunane. Møtet vert halde i ungdomshuset Trudvang på Aurlandsvangen. Illustrasjonsfoto
BEST MOGLEG: Målgruppa for møtet om forvalting av fjellvatna er grunneigarar og andre med interesse for fjellfiske, både i Aurland og nabokommunane. Møtet vert halde i ungdomshuset Trudvang på Aurlandsvangen. Illustrasjonsfoto (Foto: Illustrasjon)

Inviterer til møte om fiskeforvalting i fjellvatna

Fokus på best mogleg drift av fjellvatna våre når det gjeld fiskeutsetjing, optimal produksjon og uttak av fisk

Aurland: Aurland fjellstyre skipar til eit ope møte om fiskforvalting i fjellvatna torsdag denne veka, går det fram av ei pressemelding.

Det er ferskvassbiologen Harald Sægrov frå Rådgivende Biologer som kjem til Aurland og held føredrag om temaet, med  fokus på best mogleg drift av fjellvatna våre når det gjeld fiskeutsetjing, optimal produksjon og uttak av fisk. Han tek føre seg både reine aurevatn og vatn med aure og røye.

Sægrov, som opphaveleg kjem frå Jølster, har lang erfaring med undersøkingar av fiskevatn både til fjells og i låglandet. Han har har medverka i mange prosjekt som går på å karleggja og betra tilhøva i fiskebestandane.

Målgruppa for møtet er grunneigarar og andre med interesse for fjellfiske, både i Aurland og nabokommunane. Møtet vert halde i ungdomshuset Trudvang på Aurlandsvangen.

Til toppen