ALDRANDE KUNNSKAP: Dagleg leiar Siw Brandal Godø (t.v.) frå Norsk Flid Husfliden i Ålesund peikar på at mange lokale folk som broderer er godt oppi åra og meiner det kan vera ei kjelde til bekymring. Dagleg leiar Irene Tørhaug (t.h.) frå Norsk Flid Husfliden i Bergen er derimot ikkje uroleg for rekrutteringa. I midten står kjedeleiar Per Willy Næsseth i Norsk Flid Husfliden, som vedgår at enkelte butikkar nyttar seg av leverandørar i utlandet. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.
ALDRANDE KUNNSKAP: Dagleg leiar Siw Brandal Godø (t.v.) frå Norsk Flid Husfliden i Ålesund peikar på at mange lokale folk som broderer er godt oppi åra og meiner det kan vera ei kjelde til bekymring. Dagleg leiar Irene Tørhaug (t.h.) frå Norsk Flid Husfliden i Bergen er derimot ikkje uroleg for rekrutteringa. I midten står kjedeleiar Per Willy Næsseth i Norsk Flid Husfliden, som vedgår at enkelte butikkar nyttar seg av leverandørar i utlandet. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.

Inviterer til nasjonal bunadsdugnad

– For å hindra at kunnskapen om bunadsbroderi og anna bunadshandverk blir borte her i landet trengst det ein nasjonal dugnad, meiner Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Dei to siste åra har instituttet merka rekordinteresse for temaet i samband med dei årlege fagdagane dei arrangerer. Seminaret har sett søkjelys på dei små og viktige produsentane, som er heilt nødvendige for at ein bunad blir til. Det dreier seg om folk som broderer, flettar og vev band – og som det blir færre og færre av her i landet.

Påmeldinga tyder på at temaet er høgaktuelt.

– Interessa for å vera med på desse arrangementa har eksplodert, og påmeldinga i år var større enn nokon gong, seier fagkonsulent Kristin Gulbrandsen til Nynorsk pressekontor.

– Mange tek kontakt

Ho fortel at instituttet får mange spørsmål frå folk som har kjøpt bunader som er laga i utlandet.

– Inntrykket mitt er at utanlandske produsentar leverer veldig mykje til norske bunader, seier ho.

Ho peikar på at det dukkar opp stadig nye bunadsprodusentar på nettet. Etter det ho kjenner til, får også mange husflidsbutikkar produsert deler av bunadane sine i utlandet. Ikkje minst har ho ei kjensle av at bunader med mykje broderi blir sette bort til andre land – eller til utlendingar busette i Noreg.

– Kunnskapen blir borte

Når fagkonsulenten er bekymra, er det ikkje spesielt med tanke på at kvaliteten ikkje er god nok.

– Mange gjer svært fint handverk. Det som først og fremst er alvorleg, er at kunnskapen om handverket blir borte her i landet, strekar ho under.

Artikkelen held fram under biletet.

STOR INTERESSE: Dagleg leiar Irene Tørhaug ved Norsk Flid Husfliden i Bergen meiner det er mykje større medvit om kor bunadane er laga. På bunadsmessa i Oslo i tidlegare i haust viste ho fram den rekonstruerte Fusabunaden.
STOR INTERESSE: Dagleg leiar Irene Tørhaug ved Norsk Flid Husfliden i Bergen meiner det er mykje større medvit om kor bunadane er laga. På bunadsmessa i Oslo i tidlegare i haust viste ho fram den rekonstruerte Fusabunaden.

Fagkonsulenten peikar på at som oftast kan verken foreldre eller besteforeldre lenger vidareføra handverket til nye generasjonar.

– Det er også slutt på handarbeidsfaget i lærarutdanninga, legg ho til.

– Ei sak for husflidslaga

For å hindra at kunnskapen om bunadsbroderiet og anna bunadshandverk blir borte her i landet, må alle aktørane innan bunadsfeltet bli meir bevisste på rolla si som kunnskapsformidlarar, meiner Kristin Gulbrandsen.

– Eg skulle til dømes ønskja at lokale husflidslag kunne arbeida grundigare med rekrutteringa og fanga opp unge på fritida, seier ho.

Ho legg til av at organisasjonen sentralt har mange gode intensjonar, men meiner lokallaga ikkje er like flinke til å følgja opp.

Bergen viser veg

Ikkje alle er like urolege for rekrutteringa til bunadsfaget. Dagleg leiar Irene Tørhaug ved Norsk Flid Husfliden i Bergen ser lyst på framtida.

– I Hordaland og Sogn og Fjordane har vi rundt 80 personar som syr, broderer og gjer enkeltoppdrag for oss, fortel ho.

Alderen på dei lokale bunadsleverandørane varierer frå 20 til over 80 år. For å læra opp nye i faget, samarbeider Norsk Flid Husfliden i Bergen med Folkeuniversitetet.

– På kursa har vi kursleiarar som er gode ambassadørar for handverket, seier Tørhaug og legg til at det også finst mange andre kurs for å læra seg det som høyrer med til ein bunad.

Artikkelen held fram under biletet.

KUNNSKAP Å FØRA VIDARE: For å sikra at kunnskapen om tradisjonelt bunadshandsverk blir ført vidare her i landet, må alle bunadsaktørane i Noreg koma sterkare på banen, meiner Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
KUNNSKAP Å FØRA VIDARE: For å sikra at kunnskapen om tradisjonelt bunadshandsverk blir ført vidare her i landet, må alle bunadsaktørane i Noreg koma sterkare på banen, meiner Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Kollegaen hennar i Ålesund, Siw Brandal Godø, er derimot meir uroleg for bunadsbroderiet med tanke på framtida. Systova hennar på Norsk Flid Husfliden i Ålesund har mange lokale folk som broderer, men dei fleste er godt oppi åra.

– Enkelte plassar kan det nok vera ei kjelde til bekymring, seier Godø, som meiner det kanskje kunne vore ein idé at elevane får testa ut broderi og handverksteknikkar i grunnskulen.

– Fleire vil ha bunad laga i Noreg

Dei siste åra har Norsk Flid Husfliden i Bergen merka mykje større interesse for kvar bunadene er laga.

– Det er ikkje lenger sjølvsagt at bunaden er laga i Noreg. No er det mykje større medvit rundt dette, seier Tørhaug.

Ho fortel at alle delane av bunadene dei lagar, blir laga i Noreg. Til saman leverer butikken hennar 29 ulike typar bunader fordelt på Hordaland og Sogn og Fjordane.

Tørhaug opplever også at folk er villige til å betala for å få ein norskprodusert bunad. Ho trur det heng saman med auka søkjelys på bruk-og-kast-mentaliteten.

– No er det mykje meir snakk om at vi skaffar oss noko som varer. Mange tenkjer på bunaden som ei investering, som kanskje skal vara i generasjonar, seier ho.

– Aldri produsert meir i Noreg

Også kjedeleiar Per-Willy Næsseth i Norsk Flid Husfliden seier at stadig fleire av bunadene til Husfliden blir laga i Noreg.

– Vi har vel aldri produsert så mykje bunader i Noreg som vi gjer i dag, og det er vi stolte av. Når det er sagt, er det enkeltbutikkar som nyttar seg av leverandørar utanfor landet, legg han til og presiserer at kundane alltid skal få korrekt informasjon om bunaden sin.

Fagkonsulent Kristin Gulbrandsen ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt gler seg over tilbakemeldingane om auka medvit rundt bunadsproduksjonen, men trur likevel mange ser mest på lommeboka.

– Det blir litt på same måten som når vi handlar mat. Alle vil ha god kvalitet, men når vi handlar, vel dei fleste likevel det billegaste, seier ho. (©NPK)

Til toppen