BOKNATT: Tradisjonen med boknatt i Fjærland blir haløde i hevd – her eit bilete frå fjorårets arrangement. Pressefoto
BOKNATT: Tradisjonen med boknatt i Fjærland blir haløde i hevd – her eit bilete frå fjorårets arrangement. Pressefoto

Inviterer til ny boknatt

Er du både gald i bøker og å vera seint oppe, er Fjærland plassen å vera komande helg.

Fjærland: Laurdag 27.mai er det nemleg boknatt i Fjærland og Bokbyen set opp ei stor mengd telt og lagar bokfest på det nye torget i Mundal.

– Mengder med bøker vert å finne på årets store bokmarknad denne kvelden i ei vakker sognabygd. Forfattarar, torgstemning, mat og drikke, skriv Den norske bokbyen i ei pressemelding.

 Stabling av boktårn og bokløfting

På programmet er Lars Amund Vaage og Hanne Bramness i samtale med Janne Karin Støylen. Ove Eide fortel om Kristian Elster d.e. og Kari Bakke frå litteraturhistoria til Sogn og Fjordane. Øystein Vidnes kåserar om den kjende Frankenstein av Mary Shelley- verdas fyrste science – fiction roman, og Marit Bendz kjem med miljøkrim frå Sunnfjord.

– Kvelden før boknatta vert det musikk, fortelling og lyrikk på Fjærland Fjordstove, ved Rune Olstad og Eivind Ødegård. På programmet til Barnebokbyen står Barnas bok-kafé med opplesingar ved bokgledar, Gunn D. Tufte, og barnas kunsttime der ein kan prøve seg som diktar og kunstnar. alle arrangementa er gratis, står det vidare i pressemeldinga frå Den norske bokbyen.

På bokmarknaden vert det aktivitetar som stabling av boktårn og bokløfting. Bokbutikkane held ope til langt utover kvelden.

Til toppen