MAT OG KULTUR: Kvelden startar med eit variert kulturprogram, og sluttar med mat og mingling i vestibylen i Lærdal kulturhus. Her frå arrangementet i 2016.
MAT OG KULTUR: Kvelden startar med eit variert kulturprogram, og sluttar med mat og mingling i vestibylen i Lærdal kulturhus. Her frå arrangementet i 2016. (Foto: Camilla Skjær Brugrand)

Inviterer til ny internasjonal kveld

For to år sidan vart Lærdal kulturhus fylt med mat og kulturelle innslag frå ulike nasjonar. No vil arrangørane gjenta suksessen.

Lærdal: – Langt på veg er det etter mal frå førre gong, men denne gongen har me i større grad involvert lag og organisasjonar for å visa fram aktivitetane Lærdal har å by på, seier Ole Ramshus Sælthun, arrangementskoordinator i Lærdal Næringsutvikling, i ei pressemelding.

Neste onsdag møtest igjen folk og kulturar frå heile verda i kulturhuset i Lærdal. Den internasjonale kvelden startar med sang og musikk på scena i kulturhussalen. Her vil òg dei frivillige kreftene i bygda få syna seg fram.

GODT FOR GANEN: Dei som likar nye smakar vil finna eit breitt utval i Lærdal neste onsdag. Foto: Camilla Skjær Brugrand

Etterpå vert det mingling og matservering ute i vestibylen. Eit titals lag og organisasjonar vil òg få informera om aktiviteten dei driv med på standar.

– For dei som har flytta hit den siste tida, om det er flyktningar, folk som har fått jobb her eller kjem hit av andre årsaker, så er det ikkje så lett å vita om alle desse tilboda som finst. Og som ein sa her om dagen: den kortaste vegen til integrering er gjennom det frivillige, seier Ramshus Sælthun.

Vil bremsa gjennomtrekk

Arrangementet er eit samarbeid mellom kommunen, Lærdal Næringsutvikling og frivillige lag og organisasjonar. I tillegg til integrering, er målet å bidra til at fleire flyttar til Lærdal, òg at dei blir verande.

– Me har relativt stor gjennomtrekk i kommunen. I snitt har me rundt 85 tilflyttingar til Lærdal i løpet av eitt år, men nesten akkurat like mange fråflyttingar, seier Ramshus Sælthun.

Undersøkingar viser at fritidstilbod, kulturliv og trivsel har mykje å seia for kor attraktiv ein stad er. Arrangementssjefen meiner det skjer ein heil del i kommunen, men at det kanskje ikkje er så godt kjent. 

– Så med denne kvelden håpar me både å få fram breidda av aktivitetar og tilbod, og kanskje kan det gje grobotn for fleire aktivitetar, seier han.

Til toppen