Årdal: Årdal kommune inviterer til ope møte om Hydropark-saka 27. april klokka 19.00 i kulturhuset.
Dette er i tråd med vedtaket i saka der detaljreguleringsplanen skal leggjast ut på offentleg ettersyn med utvida høyringsperiode på seks veker, samt at det skulle inviterast til folkemøte.
Handelsbygg ønskjer å setja opp eit bygg i Hydroparken som skal innehalde Europris og truleg eit selskap som rettar seg mot proff-marknaden, ifølgje dagleg leiar Tore Johan Arntzen.
Dette har engasjert innbyggjarane i kommunen. Medan nokre er positive, meiner andre at parken, som formelt er eit grøntbelte på eit industriområde som Hydro eig, burde bevarast som han er.
Saka har allereie pågått i snart halvanna år sidan ho vart offentleg kjend i desember 2014. I byrjinga av mars i år handsama formannskapet saka, der Arbeidarpartiet og Senterpartiet røyste for, medan Miljøpartiet Dei Grøne sa nei.
- Les også: Kjenner seg svikta av Ap
Planen ligg no ute på høyring fram til 15. mai, som er høyringsfrist, men før den tid har alle sjansen til å seia sitt på folkemøtet i slutten av april.