Utsikt:  Drivar av Laksen Pub og Restaurant og Norsk Villakssenter, Dariusz Baran, håpar folk kjem for å nyta sommarkvelden, musikk og utsikta frå taket av senteret komande laurdag kveld. Foto: Ole Ramshus Sælthun
Utsikt: Drivar av Laksen Pub og Restaurant og Norsk Villakssenter, Dariusz Baran, håpar folk kjem for å nyta sommarkvelden, musikk og utsikta frå taket av senteret komande laurdag kveld. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Inviterer til "summer roof party"

Dariusz Baran prøver nytt konsept på taket på Villakssenteret. Ketil Thorbjørnsen spelar opp laurdag.

Lærdal: – Eg vil få brukt og synt fram delane av bygget som har vore lite utnytta til no. Som dette flotte taket, seier drivar av Laksen Pub og Restaurant og Norsk Villakssenter, Dariusz Baran.

– Moglegheitene er mange om det blir populært

Delen av senteret som ligg ut mot elva har ein takterrasse med både elve- og fjordutsikt. Her håpar Baran at lærdøler, folk frå kringliggjande bygder og turistar vil nyta sumarkveldar utover i sesongen.

– Me prøver dette no komande laurdag, då kjem Ketil Thorbjørnsen frå Årdal og spelar opp. Me flyttar ut tappetårn og serverer både vin og øl. Eg ønskjer å få til slike opplegg i helgene framover og kjem til å variera på kva dag og tidspunkt i helgene me går for etter andre arrangement i bygda - det skal ikkje kollidera med andre, liknande ting som skjer.

Komande laurdag startar den første utgåva av det Baran kallar for "summer roof party" klokka 20 - restauranten er open fram til då.

– Etter kvart serverer me kanskje fingermat og utvidar på andre vis under desse tilstelningane. Men det kjem jo an på responsen kva me kan gjera. Blir dette populært er i alle fall moglegheitene mange.

Artikkelen held fram under biletet

<strong>Spelar:
<strong>Spelar:

– Alle framlegg til aktivitetar er velkomne

Baran har mange idéar for arrangement på Villakssenteret framover. Han ønskjer å få til opplegg for ungar i "bakgården" mellom delen av senteret som ligg ut mot elva og delen som ligg inn mot sentrum.

– Her er det avskjerma og trygt for born å leika. Me kan til dømes kombinera pølsegrilling på dette området med ei innføring om villaksen. I det heile ser eg føre meg å knyta dei ulike delene av senteret mest mogleg saman - no på laurdag kan folk ta ein runde på senteret først, eta i restauranten etterpå og gå på konsert på taket utpå kveldingen.

Vidare inviterer Baran lokalbefolkninga til å ta kontakt om dei har arrangement dei har lyst til å gjennomføra.

– Me får til det meste og skal vera fleksible med slikt som opningstider. No er senteret vanlegvis ope til klokka seks, men folk vil gjerne driva med andre ting ute på fine sommardagar. Så dersom det er noko dei kunne tenkja seg å gjera her på kvelden, skal ikkje det vera noko problem - anten det er lokale eller turistar. Alle framlegg til aktivitetar er velkomne.

Held ope heile hausten

Sommarsesongen er godt i gang, og Baran trur det kan bli ein bra sesong. Han fortel at han vrir marknadsføringa mot andre, nærliggjande turistdestinasjonar framfor mot byane.

– Eg trur det har meir føre seg å marknadsføra mot Flåm enn Oslo og Bergen. Rett nok er det ei utfordring med transport, men det kan løysast. Så har eg fiskarar innom her kvar dag som vil sjå på senteret, og det er positivt.

Han ser også føre seg å halda senteret ope heilt fram mot jul.

– Det blir aktivitet og laks i akvariet lengre enn før. Eg vil halda ope til desember. Kanskje kan ein få til opplegg med å ta skituristar frå Hemsedal hit til villakssenteret ein dag?

Informasjon om arrangement og tilstelningar legg Baran ut på facebook under Norsk Villakssenter. At kommunen no vil trekkja seg ut av senteret og at politikarane difor har sett ned ei gruppe for å staka ut kursen for vidare drift gjer ikkje at han kvir seg for å utvikla sine eigne konsept.

– Me sit ikkje og ventar på avgjersla, me berre gjer det. Ved å gjera så mykje som mogleg i år får me synt fram potensialet dette senteret har.

Til toppen