VALVAKE: På måndag kan du treffe representantane frå dei lokale partia i Årdal før og etter resultata ligg klare. Foto/illustrasjon: Hydro Aluminium/Truls Grane Sylvarnes.
VALVAKE: På måndag kan du treffe representantane frå dei lokale partia i Årdal før og etter resultata ligg klare. Foto/illustrasjon: Hydro Aluminium/Truls Grane Sylvarnes.

Inviterer til valvake

Måndag kveld kan du med eigne auge sjå reaksjonane til dei lokale partia etterkvart som resultata vert klare. 

I ei pressemelding fortel Årdal Næringssamskipnad og Kjelde AS at det vert valvake på Utla kafè og bar måndag klokka 20.00, og alle som ynskjer å ta turen er velkomne til vere med. 

Denne kvelden kan du følgje representantane for dei lokale partia tett på, og samstundes får du jamnlege oppdateringar frå media via blant anna storskjerm. Lokale målingar vil bli publisert etterkvart som resultata ligg klare. 

 

Til toppen