Invitererer til haustmarknad i Utladalen

Invitererer til haustmarknad i Utladalen

Komande helg kan du gleda deg til den tradisjonelle haustmarknaden under Skåri.

Stiftinga Utladalen Naturhus i Øvre Årdal avsluttar sesongen med haustmarknad laurdag og søndag.

- Tidlegare og nye utstillarar vil tilby eit breidt utval innan husflid, handverk og kunst, seier Rigmor Solem i Stiftinga Utladalen Naturhus til Porten.no

SPESIELL ATMOSFÆRE: Utstillarar og arrangørarar håpar mange finn turen til Skåri i Utladalen laurdag og søndag.
SPESIELL ATMOSFÆRE: Utstillarar og arrangørarar håpar mange finn turen til Skåri i Utladalen laurdag og søndag.

Breidt utval av kunst og mat

Margun Siv Øren, Mona Øren og Jane Fedje stiller med bilete og måleri.

Inger Norun Solhaug kjem blant anna med sølv, treprodukter, skinn, og gyngesauer. Ingegerd Moene viser fram ull- og glasenglar, medan Wigdis Moene har med tova ullvottar og glasenglar. 

Spekepølser av geit til dømes, lokkar Ingrid Arneng med. Har du lyst på ost og andre godsaker, snakkar du med Ida Østvold.  

Aktivitetar for store og små

- Det skal også vera aktivitetar for små og store ute i lavvoen. Cafèen er open, fortel Solem.

Arrangørar og utstillarar håpar at besøkande ikkje kjenner på eit  kjøpepress, men set stor pris på om folk tek turen likevel slik at det blir og røre under Skåri.

Til toppen