SERIEPREMIERE: Nicolai Cleve Broch spelar hovudrolla i Frikjent 2. I høve sesongpremieren inviterte Årdal kino til gratis framsyning. Foto: Carl Christian Raabe/TV2.
SERIEPREMIERE: Nicolai Cleve Broch spelar hovudrolla i Frikjent 2. I høve sesongpremieren inviterte Årdal kino til gratis framsyning. Foto: Carl Christian Raabe/TV2.

Inviterte til sesongpremiere på kino

– Eit liten gest til årdølene som har vore med.

Årdalstangen: Torsdag kom endeleg andre sesong av dramaserien Frikjent på norske TV-skjermar. Det gjorde Årdal kino stas på og inviterte til gratis kinovising av premieren.

– Det er jo spelt inn i Årdal og mange frå bygda er med som statistar. Du kan seie at det er ein liten gest til dei som har vore med, seier kinosjef Gunnvor Haug Moen.

Les også: Lærdal sjukehus vart til Lifjord universitetsykehus

Godt oppmøte

GODT OPPMØTE: I år var det monaleg betre oppmøte enn i fjor.
GODT OPPMØTE: I år var det monaleg betre oppmøte enn i fjor.

Ho fortel at torsdagens oppmøte var betre enn i fjor, då dei gjorde det same.  

– Då fekk me godkjenning av TV2 i siste liten og var litt seine med å informere folk, seier kinosjefen.

Dei som hadde møtt fram verka i det minste å sette pris på tilbodet.

– Eg synes det er midt i blinken, seier ein av dei oppmøtte på veg inn salen. 

– Midt i blinken!

Ifølgje tal frå TV2 såg heile 631.000 sjåarar premieren då den vart sendt i går kveld. Serien har òg slått an internasjonalt og er til no seld til 112 land.

Det er tal som får eit patriotisk hjarte til å banka, også hos ein kinosjef.

– Det er veldig tøft og ikkje minst ei god reklame for bygda, seier Haug Moen.

 

Til toppen