AVTALEN I BOKS: Med kunnskapsminister Isaksen som vitne tek ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal og prorektor Rasmus Stokke frå Høgskulen på Vestlandet kvarandre i handa på det framtidige barnehagesamarbeidet.
AVTALEN I BOKS: Med kunnskapsminister Isaksen som vitne tek ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal og prorektor Rasmus Stokke frå Høgskulen på Vestlandet kvarandre i handa på det framtidige barnehagesamarbeidet. (Bilde: )

Isaksen om barnehagesamarbeid: – Timinga er perfekt

Den nye barnehagen som blir bygt i Sogndal kan bli eit utvida klasserom for høgskulestudentane. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har stor tru på satsinga.

Sogndal: Med statsråden som vitne signerte dei to partane, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal kommune, intensjonsavtalen i dag. Kunnsskapsministeren seier den nye barnehagen i Sogndal kan bli ein føregangsfigur for ei nasjonal satsing på undervisingsbarnehagar.

EI GÅVE: Kommunalsjef for oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen (til venstre), kallar det tette samarbeidet med høgskulen ei gåve.
EI GÅVE: Kommunalsjef for oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen (til venstre), kallar det tette samarbeidet med høgskulen ei gåve. Foto:  Halvor Farsund Storvik

– Målet er at alle høgskular skal ha eit utval barnehagar dei skal ha eit ekstra tett samarbeid med. Då må nokon gå foran. Eg skal ikkje banne på at det ikkje er nokon som jobbar med det same, men det verkar som ein har kome mykje lenger i å realisere det her, enn det eg har høyrt om andre stader, seier Torbjørn Røe Isaksen, som legg til at nybrotsarbeidet passar perfekt med strategien til regjeringa.

– Ein av tinga vi ønskjer meir av er slike undervisingsbarnehagar og undervisingsskular. Vi har byrja å finansiere det på skulesida og har planar om å gjere det same på barnehagesida, seier han.

Les også: Han kjem til Sogndal for å høyre om unikt barnehagesamarbeid

Rasmus Stokke, prorektor i Sogn og Fjordane, har tru på at samarbeidet med kommunen vil vere med på å styrke høgskulen og kvaliteten på utdanninga. 

– Vi er glade for at kommunen inviterer oss til å vere med på å utvikle denne barnehagen frå grunnen av, seier han.

– Dette blir ein barnehage som blir ein del av det pulserande høgskulelivet på Campus og som studentane og fagtilsette kan ha ein mykje tettare kontakt med undervegs i studiane enn i praksisbarnehagar ellers.

Kommunalsjef for oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen, seier målet er å byggje ein ekte og god barnehage for ungane, som samstundes kan bli eit utvida klasserom for barnehagepedagogane. Han kallar samarbeidet med høgskulen ei gåve for kommunen.

– Vi får henta kompetanse hos dei og spreidd den kompetansen i Sogndal og i regionen. Så det trur eg vil vere eit veldig godt utgangspunkt for å drive utviklingsarbeid, seier han.

Til toppen