VEKAs bad har vorte årleg tradisjon. Foto: Øyvind Nondal.
VEKAs bad har vorte årleg tradisjon. Foto: Øyvind Nondal.

Iskaldt bad på Sjøkanten

Om lag ti hev seg med på isbading måndag ettermiddag.
 

Sogndal: Temperaturen i lufta viste berre fire grader. Det sette ikkje stoppar for dei mange som tok VEKAs bad arrangert av Studenthuset Meieriet på Sjøkanten i Sogndal.  

Ein av deltakarane, Jan Hedges, seier til Porten.no at det var mykje betre enn forventa å hoppe uti.

– Det var litt kaldt no, men ikkje verre enn at det kan anbefalast, seier Hedges. Han legg til at dette var eitt av dei første bada i år.

– Etterpå vert det å varme opp til konsert med Odd Nordstoga, avsluttar Hedges.

VEKA-sjef Ingvil Loftesnes Kvåle seier at isbading har vorte årleg tradisjon på studentveka.

Til toppen