KLAR: Sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, er godt nøgd med å ha sikra seg Kristinn Jónsson frå Sarpsborg 08. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball
KLAR: Sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, er godt nøgd med å ha sikra seg Kristinn Jónsson frå Sarpsborg 08. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Islandsk landslagsspelar klar for Sogndal

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein overgang for venstreback Kristinn Jónsson.

Sogndal: – Me er veldig glade for å ha Kristinn på plass hjå oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo på sogndalfotball.no.

Jónsson skal i utganspunktet spela for Sogndal ut komande sesong, og går rett inn i gruppa. Han er no på veg saman med sine nye lagkameratar til treningsleir på Gran Canaria. 

– Jónsson gjorde eit veldig godt inntrykk då han kom og var med på treningar og spelte treningskamp mot Kristiansund sist helg. Han er ein type me vil ha med oss vidare, fortel Flo.

– Referansespelar

Han har 32 aldersbestemte landskampar og 7 kampar på det islandske A-landslaget,  og deltok under China Cup tidlegare i vinter. Og me snakka altså om eit landslag som tok seg til kvartfinalen under EM i sommar.

– Kristinn har gjort seg gode erfaringar frå toppfotballen både på Island og i Sverige, og gjennom deltaking på landslag. Han vil vera ein referansespelar for vårt unge mannskap, seier Flo.

 

Til toppen