TROLLBANDT PUBLIKUM: Med god hjelp frå Sissel Vera Pettersen trollbandt Terje Isungset publikum med glasmusikken sin. Foto: Jan Christian Jerving.
TROLLBANDT PUBLIKUM: Med god hjelp frå Sissel Vera Pettersen trollbandt Terje Isungset publikum med glasmusikken sin. Foto: Jan Christian Jerving.

Isungset trollbatt med glasmusikk

– Det var veldig kjekt å komma hit, sa Sissel Vera Pettersen, som kom eins ærend frå København for å spela med Terje Isungset.

Pettersen var ein god erstattar då Arve Henriksen melde forfall. Det var ikkje  altfor mange som fann vegen til Lærdal kulturhus denne laurdag ettermiddagen, men songen hennar trollbandt dei som kom.

Isungset og Pettersen har tidlegare spelt saman før, men aldri berre dei to.

– Dette er første gongen me spelar saman som duo, seier Isungset, som hinta om at det kanskje vart plate av dette.

I den om lag timelange konserten der Pettersen skapte magiske tonar med si flotte røyst, var det lagt inn kviss der publikum i salen skulle høyra om det var nokre kamuflerte julesongar i teksten og kor mange. Den som gjetta riktig, fekk utdelt ein CD.

I to år har 15 glaskunstnarar frå Estland jobba med å lage instrument. Ikkje alle instrumenta var med denne kvelden, men dei som fekk vera med til Lærdal gav publikum ein fortreffeleg lyd.

– Kvart glasinstrument gir sin eigen lyd, avhengig av formene, forklarte Isungset. Etter konserten var det mogleg å få komma fram og sjå nærare på instrumenta.

Artikkelen held fram under biletet.

ERSTATTAR: Sissel Vera Pettersen kom til Noreg for å spela saman med Terje Isungset.
ERSTATTAR: Sissel Vera Pettersen kom til Noreg for å spela saman med Terje Isungset.

Av alle instrumenta som Isungset trakterte, var munnharpa eitt av hovudinstrumenta under konserten. På turné i Kina i fjor var det den som gjorde stor suksess, fortalte han og drog fram eit stort bukkehorn.

– Dette bukkehornet kjem frå ein geitebonde på Filefjell og er frå hornet på ei fjellgeit, sa han.

Musikken til Isungset er inspirert av mange kulturar, og musikken er brukt til naturfilmar ute i Europa og Canada.

Starten på karriera til Isungset var allsidig, der han spelte alle typar musikk og var blant anna med Hellbillies i starten. Dei siste 25 åra har han med sine gode musikarar fått utgjeve fleire album.

Artikkelen held fram under biletet.

ALLSIDIG: Terje Isungset er ein allsidig musikar som kan spela på fleire instrument.
ALLSIDIG: Terje Isungset er ein allsidig musikar som kan spela på fleire instrument.

Han har laga over 40 bestillingsverk og komponert musikk til teaterballett, samtidsdans og film. Verdas første CD med is-musikk vart spelt inn på Jukkasjervi i 2001. 

I 2006 starta han is-musikkfestivalen på Geilo i samarbeid med Pål K. Medhus. Isungset har laga seks plater med is-musikk. Han har også gjeve ut plate med Arve Henriksen, der dei berre spelar på spesialbygde intrument av glas.

Til toppen