IT-FORUM: Fylkeskommunen sit i representantskapen til IT-forum og har styreleiar ved Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring. Arkivfoto: Birthe Johanne Finstad/ Sogn og Fjordane fylkeskommune
meiningar
IT-FORUM: Fylkeskommunen sit i representantskapen til IT-forum og har styreleiar ved Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring. Arkivfoto: Birthe Johanne Finstad/ Sogn og Fjordane fylkeskommune
meiningar

IT-forum, eit føredøme?

IT-forum Sogn og Fjordane fyller 20 år. Det er ein moden, men audmjuk tjueåring. Ho er mest oppteken av andre sitt ve og vel, og skulle kanskje ynskje at andre var som ho. IT-forum er eit resultat av ein samtale i ein hotellkorridor mot natta.

  • Endret

Vi såg dei første teikna av den digitaliseringa som i 2015 er heilt naturleg. Fylket måtte ta del i den digitale utviklinga, men kven skulle ta tak? Hausten 1995 vart den første IT-forumkonferansen arrangert. I år kan IT-forum ta æra for at Sogn og Fjordane er lengst framme i meldingstenesta i helsevesenet, og vi er drivande kraft i Nasjonalt Breibandråd. Truleg er det også på grunn av IT-forum vi har fått relativt god utteljing i kampen om dei offentlege kronene til utbygging av breiband i det grisgrendte fylket. Korleis det hadde vore utan? Det vil vi aldri få vite, og difor er spørsmålet uviktig.
 
Digital infrastruktur er grovt undervurdert, mest fordi det for mange er like viktig som elektrisitet, vatn og avløp. Men også fordi det kan i ytste konsekvens kan avlaste tradisjonelle samferdslestrukturar og spare samfunnet for store investeringar. Digitalt tilbod kan vere ein av faktorane som bremsar fråflytting eller aukar tilflytting frå våre område. Nasjonalt Breibandråd er mellom dei organisasjonane som gjer at styresmaktene aldri skal gløyme at vi må bruke offentlege pengar på utbygging i store delar av landet. IT-forum Sogn og Fjordane var initiativtakar og er framleis drivande part.
 
Det siste året har Sogn og Fjordane teke eit stort steg med tanke på kor mange husstandar som har breiband. 24 av 26 kommunar hadde breibandprosjekt som nådde gjennom. IT-forum skal ha sin del av æra for det.
 
Vi er mellom dei områda i landet som brukar videokonferanse mest, både i offentleg og privat sektor. IT-forum har teke aktiv del i fremming av slike kommunikasjonsverktøy. IT-forum var mellom dei første i landet som tok i bruk strøyming av konferansar.
Kommunane i Sogn og Fjordane var fremst i å få fungerande digitale meldingar mellom primær- og spesialisthelsetenester, pleie og omsorg. IT-forum har vore aktiv part i dette arbeidet.
 
Mykje av dette har vi fått til fordi IT-forum har ein heilt eineståande integritet. Vi har ingen «eigen» agenda utover formålet. Vi vil også påstå at gjennomføringskrafta har vore god, mykje takka vere dyktige menneske med respekt for kvarandre. Der er ein gruppedynamikk som til tider har vore unik. I tillegg har det vore folk som har hatt det triveleg i lag. Og vi ville ikkje skuffe kvarandre. Det betyr ikkje at der ikkje har vore brytning. Det må til for å utvikle seg.
 
Sogn og Fjordane har bruk for fleire slike arenaer, der utfordringar kan løysast i fellesskap og med felles ressursar. Der fylket kan tale med ei stemme. Vi hadde truleg trengt det på område som fornybar energi, marine næringar, tradisjonell samferdsle, kunnskapsutvikling, industriutvikling. I eit tid med skiftande strukturar kan dette ver ekstra viktig.  Det kan også vere eit verktøy for å ruste seg for internasjonale oppgåver.
 
Sjølv om offentleg sektor truleg har vore og er dei mest aktive, har vi ei rad private aktørar som har gjort ein stor innsats. Vi er stolte av Beat.no på Mjømna, Highsoft i Vik, Rocket Farm på Fosshaugane Campus, Videonor i Måløy. Blant mange andre har desse alle enten vore direkte delaktige, eller spelt viktige roller i IT-forum sine aktivitetar. 
 
Det var tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte og dåverande direktør for Vestlandsforsking, Jan Per Styve, som samtalte i korridoren. Innsiktsfulle og framsynte personar. Men ærast den som ærast bør: Utan Ivar Petter Grøtte og eit utal dyktige styremedlemmar og drivande fagfolk ville IT-forum aldri kunna feire 20 år.
 
På årsmøtet i mars gir eg meg etter fire år som leiar. Eg er kry av å ha fått leie ein slik organisasjon, og litt andpusten av å tenkje på at eg har vore der ein femtedel av levetida. No er det tid for nye krefter.

Les meir om IT-forum Sogn og Fjordane her. 

Til toppen