GODT RESULTAT: Sparebanken Sogn og Fjordane har investert mykje i nye IT-løysingar, og no byrjar dei å sjå resultatet av satsinga. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane. 
GODT RESULTAT: Sparebanken Sogn og Fjordane har investert mykje i nye IT-løysingar, og no byrjar dei å sjå resultatet av satsinga. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane. 

IT-satsinga til banken byrjar å gi resultat

Sparebanken Sogn og Fjordane har investert mykje i nye IT-løysingar, og no byrjar dei å sjå resultatet av satsinga.

Årdal: I første kvartal av 2017 kan banken vise til eit resultat på 108 millionar kroner før skatt. Det er ein auke på 36 millionar samanlikna med dei same tre månadene i fjor.

–  Dette er gode tal for oss, og igjen er det den sterke veksten vår som driv resultatet. Vi har dei siste 12 månadane sett ein auke i utlån til privatmarknaden på 8,5 prosent og ein samla utlånsvekst på 7 %, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Samstundes merkast både IT-investeringar og finansskatt på kostnadsveksten. Banken har derfor sett i gang prosjekt både på kostnadseffektivisering og strømlinjeforming av kredittgivinga, og har ambisjonar om å stoppe kostnadsveksten inn i 2018.

– Vi skulle gjerne sett at finansskatten hadde ei anna innretning og ikkje straffa bankar som ønskjer utvikle nye løysingar og tenester sjølve, legg Teigene til.

Ny mobilbank

I april lanserte banken ein ny mobilbank, som førebels har fått gode tilbakemeldingar. Målet med appen var å lage ein ryddigare og enklare mobilbank for privatkundane.

– Dette er noko vi har jobba målretta med i eit tett samarbeid med nederlandske Backbase. Appen har vore brukartesta blant våre eigne kundar, og har fått ein varm velkomst. Vi har også fått innspel som vi tar med oss vidare til seinare oppdateringar og versjonar, seier Teigene.

VippsGO

Førre veke blei Vipps-samarbeidet mellom 106 bankar godkjent av Finanstilsynet og i dag blir VippsGO lansert. 

VippsGO gir lag og foreiningar, butikkar og bedrifter moglegheit til å selje varer og tenester gjennom mobiltelefonen. Det betyr at kundar i Sparebanken Sogn og Fjordane kan gå inn på butikkar i appen, velje produkt og gjennomføre butikkbetaling utan å bruke bankkortet. 

– Då vi gjekk inn i samarbeidet om Vipps, såg vi fordelen av at bankane kunne vidareutvikle denne tenesta saman og gjere den endå betre. VippsGO er eit døme på denne vidareutviklinga, og det vil kome fleire nye løysingar seinare, seier han.

– Det handlar om at vi må vere tilgjengeleg der kundane er, og tilby banktenester på ein enkel og smart måte.

Til toppen