Årdal: Før årets siste kommunestyremøte i Årdal vart fotballtrenaren heidra med den gjeve prisen Årets årdøl.
– I fotballen er det eit felleskap. Det er eit felleskap som blir skapt, og ein interesse som gjer at folk legg ned veldig mykje tid for det me vil skapa her i bygda. Det hadde ikkje gått utan folk som er rundt oss. Blant anna Jan Kåre Stedje, som har vore viktig for meg. Eg vil takka ungdomen i bygda for at fekk lov til å vera med, sa Øy under takketalen sin.
I 2018 var det Ruth Laberg som fekk prisen for sin innsats i idretten i Årdal.
- Les òg: Ho er årets årdøl
Brennande hjarte for fotballen
Ordføraren Hilmar Høl (Ap) introduserte vinnaren framfor politikarane i kommunestyret. Ivan Øy var saman med Knut Skår og Steinar Fodnes invitert til å eta lunsj med dei.
– Årets årdøl blir tildelt ein person som har betydd mykje for mange. Han har eit brennande hjarte for fotballen i Årdal, både som spelar og som trenar, sa ordførar Hilmar Høl i begrunninga.
Øy har vore aktiv i fotballen i Årdal, og har både spelt for og jobba som trenar for Jotun IL. Dei siste sju åra har han vore trenar for seniorlaget Årdal Fotballklubb.