Luster: Han er i Sogn regionråd der han har delt ut sokkar i regnbogefargar til heile gjengen av ordførarar.
– Poenget var jo at det skulle vera litt kontrast i dette biletet, det er sikkert ikkje alle som skjønar humoren, men pyttsan, dei som har litt humor forstår dette, seier Kvalen og ler.

Rørande oppmøte
Før han reiste i regionrådet, heisa han Pride-flagget utanfor rådhuset i Gaupne saman med 50 oppmøtte tilskodarar.
– Det var veldig kjekt, og nesten rørande at det kom så mange klokka 8:00 på morgonen.
Dei delte ut champagnebrus til alle, og feira både mangfaldet og at kjærleik er for alle.
– Då eg heisa flagget sa eg at dette er for alle som har stått i kampen for at dei skal koma dit dei er i dag. Eg håpar det er eit vendepunkt, og at framtida ser annleis på dette enn det fortida har gjort, seier Kvalen.

Feirar skeiv kjærleik og mangfald
Odd Atle Stegegjerde på rådhuset seier at det ei kjekk markering i dei tidlege morgontimar.
– Dette skal markera at ingen har noko med kven andre er glad i, verken myndigheitene, politikarane eller kyrkja.
Pride feirar skeiv kjærleik og mangfald. Det er i år 50 år sidan den første markeringa i New York, som ein reaksjon på politiet si trakassering av skeive.
Siden den gong har Pride vore arrangert over heile verda, og i dag vert fylket sin fyrste Pride markert i Førde.
– Eg tykkjer det er heilt flott med pride, og at me no kan ha dette i bygdene i Sogn og Fjordane. Det er heilt på sin plass, og me heiar på det, seier Ivar Kvalen.
Skal syna fram mangfald i Parken
Det er Johanne Eide Juvik og Linn Christina Leirdal semde i.

– Me tykkjer det er veldig viktig å støtta om at alle skal få vera seg sjølve. Det er supert at kommunen er med på dette ved å heisa regnbogeflagget i rådhusparken.
Dei syner òg til sokkane til ordføraren og meiner dette var sporty gjort av Kvalen.
– Han går føre med eit god eksempel, seier jentene som no skal pryda Parken i Gaupne med regnbogeflagg under årets Lustrabalder.