STRÅLANDE NØGDE: Ti år gamle Alice og Agnethe frå Lærdal IL var veldig nøgde med Lærdalsturneringa og ser allereie fram til neste års utgåve. Foto: Ingvild Jerving.
STRÅLANDE NØGDE: Ti år gamle Alice og Agnethe frå Lærdal IL var veldig nøgde med Lærdalsturneringa og ser allereie fram til neste års utgåve. Foto: Ingvild Jerving.

Ivrige deltakarar nøgde med Lærdalsturneringa

Denne helga blei Lærdalsturneringa arrangert for tolvte gang, og deltakarane kjem gjerne att neste år òg. 

  • Endret

Denne helga gjekk Lærdalsturneringa av stabelen. 36 lag frå fleire delar av fylket var representert.

Lærdalsturneringa, som først blei arrangert i 2002, er ei fotballturnering for gutar og jenter i alderen 10-14 år.

Best representert forutan Lærdal var kanskje Valestrand, som kjem att år etter år.

Porten.no tok seg ein prat med nokre av deltakarane. 

Alice (10) og Agnethe (10) frå Lærdal IL

– Kva synes de var det kjekkaste på Lærdalsturneringa? 

– Alt var veldig kjekt, men det var ikkje så gøy å tapa. 

– Har de vunne mange kampar? 

– Me har vunne éin kamp i dag, og så vann me éin kamp i går. 

– Kor mange kampar har de spelt? 

– Me har spelt seks kampar til saman. 

Jentene er godt nøgde og blide sjølv om det ikkje vart så mange sigra som dei kanskje hadde håpa. Tapa er allereie gløymd, og dei skal prøva seg igjen til neste år. 

GLAD: Jonas syntest det var morosamt å spela venstreving.
GLAD: Jonas syntest det var morosamt å spela venstreving.

Jonas (12) frå Lærdal IL

– Kva synes du var det gøyaste Lærdalsturneringa?

– Eg synes det gøyaste er å få spela, spesielt venstreving er kjekt. Det mest keisame var å sitja på benken.

– Har laget ditt vunne mange kampar?

– Me har spelt to uavgjorte kampar, men eg synes det var bra innsats på alle uansett.

– Kor mange kampar har de spelt?

– Me (Lærdal G12-13) har spelt åtte kampar til saman, seks i går og to i dag.

Håkon frå Balestrand/Jelvik

– Kva synes du var det gøyaste på Lærdalsturneringa?

– Eg synes det mest morosame er å få spela.

 Kor mange kampar har du spelt?

– Eg har spelt tolv kampar.

– Har laget ditt vunne mange kampar? 

– Ja, me har vunne mange kampar. Eg er veldig nøgd og håpar eg får lov til å koma tilbake neste år òg.

ANDREPLASS: Peter og Bengt sitt Jølster kom på ein respektabel andreplass.
ANDREPLASS: Peter og Bengt sitt Jølster kom på ein respektabel andreplass.

Peter (14) og Bengt (15) frå Jølster

– Har de spelt mange kampar?

– Me har spelt åtte kampar og er godt nøgde.

– Korleis har det gått?

– Me vann seks av kampane, og det gjer at me kjem på ein andreplass i turneringa.

Til toppen