SENTRALISERING: «Mantraet til den blå-blå regjeringa har alltid vore større og ”meir robuste” einingar”, men vi ser på vårt eige fylke at det ikkje er det som fungerer», skriv Senterungdomen Sogn og Fjordane. Foto: Eirill Teigstad.
meiningar
SENTRALISERING: «Mantraet til den blå-blå regjeringa har alltid vore større og ”meir robuste” einingar”, men vi ser på vårt eige fylke at det ikkje er det som fungerer», skriv Senterungdomen Sogn og Fjordane. Foto: Eirill Teigstad.
meiningar

Ja til Sogn og Fjordane!

Etter at den blå-blå regjeringa kom til makta har vi sett fleire grep som er resultatet av ein ideologi basert på sentralisering.

KOMMENTAR: Vi har sett det i form av strukturendringar til dømes i politiet og på kommunekartet.  Sanner & co. fornektar seg ikkje, og går rett på neste sentraliseringstiltak: ein vestlandsregion slått saman av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

På same måte som med kommunereforma skal prosessen gå fort. Innan nyttår skal alt vere på plass, sjølv om regionane ikkje skal tre i kraft før 2020. På same måte som med kommunereforma, er det heller ikkje no folket som ønskjer endring, men politikken kjem ovanfrå og ned. På trass av at kommunereforma blei ein nasjonal fiasko, trur  regjeringa at samanslåing og auka avstand mellom folket og dei folkevalde er vegen og gå. Det trur ikkje vi i Senterungdommen.

For det første vil samanslåing av tre fylker gå utover demokratiet. Forsking viser at både valdeltaking og interesse er større i mindre kommunar og fylkar. Det trur vi handlar om at folk føler makt og påverknadskraft i sakene som omhandlar dei. Saker om Stavanger sentrum kjem ikkje til å interessere veljarane i Nordfjord. Avstandane vil bli for lange og politikken for fjern.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til dagens fylkeskommunar er vidaregåande skular. Elvane i Sogn og Fjordane har dei høgast karakterar og det lågast fråfall i landet. Vi har ein skulestruktur med fleire og mindre skular enn elles i landet. Vi har ein struktur med fylkeslinjer, som sikrar dømesvis Musikk, Dans og Drama-linja på Sandane. Om vi slår oss saman til ein større region, kan slike linjer stå i fare. Å skulle gjennomføre store endringar på eit område vi allereie er best i landet verkar mot si hensikt.

Vidare er det verdt å tenkje over kva vi vil utgjere i ein region beståande av tre fylke, der dei andre to stiller mykje sterkare når det kjem til både folketal og byvekst. Førde, den største byen i Sogn og Fjordane bikka i august 13 000 innbyggjarar. Å tru at vi kjem til å reel påverknad inn mot sentruma i Bergen og Stavanger er ein utopi. Vi fryktar at utfallet vil vere ei svekka og nedprioritert stemme frå Sogn og Fjordane.

Mantraet til den blå-blå regjeringa har alltid vore større og ”meir robuste” einingar”, men vi ser på vårt eige fylke at det ikkje er det som fungerer. Likevel vil regjeringa slå oss saman. Forhandlingane føregår i full fart, og helst med så lite merksemd som mogleg. Fylkesordførarane i vestlandsfylka har hatt fleire forhandlingsmøter, og i desse dagar skal ein intensjonsplan vere klar med mål om å vere ferdige i desember. Om dei blå-blå får det som dei ynskjer, er Trivselsfylket historie før folket har rukke å sei sitt. Dette er i strid med demokratiet og verdiane våre.

Vi i Senterungdomen seier nei til region, og ja til Sogn og Fjordane!

- Fylkesstyret i Senterungdomen Sogn og Fjordane.

Til toppen